I kva kommune var dei ulike partia mest populære i årets #stortingsval? Her er ei oversikt.

To parti – #Senterpartiet og #Arbeidarpartiet – oppnådde faktisk reint fleirtal i sine respektive kommunar, #Lom og #Årdal.

Men at kommunen der #Venstre gjer det aller best, er #Bærum?! Det er nok ikkje urimeleg å mistenka taktisk stemmegjeving her …

#valg2025 #val2025 #statistikk #stortingsvalg #allheimen #norsktut

Finst det ein kommune som stemte omtrent likt som heile landet samla i årets #stortingsval?

Nei, eigentleg ikkje. Viss me ser på gjennomsnittleg (absolutt)avvik i partioppslutning mellom kommunen og landet, er det #Tønsberg som kom nærast. Og viss me ser på kommunen med det minste største avviket for eit parti, er det #Vestby som kom nærast. Men avvika er likevel store, eksempelvis 2,3 prosentpoeng for #Senterpartiet.

#politikk #norskpol #valg2025 #statistikk #val2025 #allheimen #norsktut

https://valgresultat.no/valg/2025/st finn me tal på førehands­røyster heilt ned på vallokale­nivå. Er nokon vallokale ekstra populære for eit gitt parti?

Ved å dela partiets oppslutning i vallokalet på oppslutninga i heile kommunen, får me eit tal som seier kor over­representert partiet er der.

Eksempel for #Bergen og tre vilkårlege parti:
SV: Student­senteret (2,3)
Høgre: NHH-biblioteket (1,6)
Frp: Telenor­bygget (1,5).

#politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut

Når eit parti over sperregrensa får *færre* distrikts­mandat til saman enn det ville fått om heile landet var eitt stort valdistrikt, har det rett på utjamnings­mandat. Men kva om det får *fleire*?

Vel, me har ikkje negative utjamnings­mandat, så partiet får faktiske behalda alle dei «ekstra» mandata.

Eg har rekna på det. I årets #val gjaldt det to parti: Frp fekk fire slike «ufortente» mandat, og Ap fekk tre.

#politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut

Kom over ein fantastisk svensk rapport med oversikt over valmetodar, metodar for mandatfordeling og sånt – «Proportionella valmetoder» av professor Svante Janson: https://www2.math.uu.se/~svantejs/papers/sjV6.pdf

Er ein interessert i matematikken bak, trur eg så godt som alt ein måtte lura på, står her, matematisk og veldig oversiktleg presentert.

(I Noreg brukar me ved #stortingsval det som er omtalt som «den jämkade uddatalsmetoden».)

#valg #val #stortingsvalg #matematikk #statistikk #allheimen #norsktut

Eg synst valgomaten til #nrk var grei. Her får ein lov til å velje kva tema ein er opptatt av sjølv. Da kjem ein nærmare ein meir realistisk vekting av dei ulike sakene. Eg får ei litt anna liste her enn med #TV2 sin standariserte test.

(NRK opner også for å ta ein standardtest. Eg skaø prøve den også.)

#norsktut #norskpolitikk #valet2025 #stortingsval

https://www.nrk.no/valg/2025/valgomat/storting/nb

Sånn vart det på Tv2 sin valgomat. Det er sikkert litt avhengig av kva tre tema eg valte. Eg ville absolutt ikkje ha røysta MDG over SV. Eg kan ikkje røyste på nokon som vil ha amerikanske basar i Noreg.

#norskpolitikk #valet2025 #stortingsval

https://www.tv2.no/valgomat/