Regjeringa er faen meg ute og syklar, altså. Her fungerer det ikkje å leite etter nokon "meisterplan" for å spele spelet. Det her er rett og slett eit politisk mageplask.

#norskpolitikk #norsktut #Arbeidarpartiet

https://www.nrk.no/ytring/ubegripelig-selvskading-1.17619257

Ubegripelig selvskading

Budsjettbløffen er ikke bare skadelig for Ap som styringsparti, men kan i verste fall rokke ved tilliten til politikken.

NRK

I kva kommune var dei ulike partia mest populære i årets #stortingsval? Her er ei oversikt.

To parti – #Senterpartiet og #Arbeidarpartiet – oppnådde faktisk reint fleirtal i sine respektive kommunar, #Lom og #Årdal.

Men at kommunen der #Venstre gjer det aller best, er #Bærum?! Det er nok ikkje urimeleg å mistenka taktisk stemmegjeving her …

#valg2025 #val2025 #statistikk #stortingsvalg #allheimen #norsktut

Sånn ser det ut når ein røynd mobbar blir president i USA og skal kommentere at ein muslimsk sosialdemokrat blir Demokratane sin kandidat i guvernørvalet i New York.

Zohran Mamdani kunne godt ha vore politikar i #Arbeidarpartiet i Noreg. Søk han opp, det her er skikkeleg kult!

Det er ein kjent sak at "vern" i Noreg tyder noko anna enn "vern" i dei fleste land. Det viser #Arbeidarpartiet, #Høgre, #Frp, og #Senterpartiet når dei no har fått fleirtal for å bygge ned vassdrag som tidlegare har vorte verna.

Det er jo eit fint signal å sende til andre som kan tenke seg å øydelegge andre naturområde som er såkalt "verna".

#naturvern #miljø #norskpolitikk #norsktut

https://www.vg.no/nyheter/i/kwPEwk/stortinget-stemte-for-aa-aapne-for-kraftutbygging-i-vernede-vassdrag

Stortinget sier ja til å åpne for kraftutbygging i vernede vassdrag

Et bredt flertall i Stortinget stemte for det omstridte forslaget som åpner for at det kan bygges ut kraftverk i vernede vassdrag under visse forutsetninger.

VG

Når folk frå #Arbeidarpartiet oppmodar venstresida til å "slutte å krangle, og heller forene oss mot FrP framover", er det i praksis kodespråk for at venstresida skal leggje Ap sitt program som minste felles multiplum, og halde kjeft om alt anna.

Eller går det andre vegen også?

#Trondheimskonferansen

Det er nærmast euforiske tilstandar i Høgre no som dei irriterande provinsielle EU-motstandarane endeleg vart pressa ut av styre og stell. No ligg alt til rette for å verkeleggjere den våte draumen til både Støre og Solberg: ein "gentleman's agreement" mellom #Høgre og #Arbeidarpartiet for å få gjennom så mykje EU-politikk som mogleg, utan å ta omsyn til folkemeininga.

#MDG og #Venstre står sjølvsagt også jublande på sidelinja.

#norsktut

All ære til #Senterpartiet for å stå opp for prinsipp og folkestyre her. Det er talande at #Arbeidarpartiet prioriterer omsynet til EU framfor å berge det lille som framleis finst av raudgrønn samling. Det finst visst ikkje grenser for kor mykje det partiet vil øydelegge for seg sjølv. Senterpartiet og høgresida er dei store vinnarane. Verken Ap eller Sp har trua på valgsiger i haust, i alle fall.

#norsktut #norskpolitikk

https://www.nrk.no/norge/ap-og-sp-bryter-regjeringssamarbeidet-1.17239250

Ap og Sp bryter regjeringssamarbeidet

Arbeiderpartiet og Senterpartiet bryter regjeringssamarbeidet. Det betyr at Senterpartiet går ut av Støre-regjeringen.

NRK

#Arbeidarpartiet og #Framstegspartiet er ueinige om mykje, men i oljepolitikken er det stort sett detaljar dei kranglar om. Retninga er den same.

I går delte regjeringa dessutan ut 53 (!!) nye leitelisensar. #FrP t kan kjefte så mykje dei vil på det grønne skifte, men dei er nok greit fornøgde med regjeringa sin oljepolitikk.

https://www.nrk.no/norge/statsministerduell-i-_debatten__-hvor-lenge-skal-norge-bore-etter-olje_-1.17206319

Statsministerduell i «Debatten»: Hvor lenge skal Norge bore etter olje?

Frp-leder Sylvi Listhaug sier Norge bør ha et hundreårsperspektiv på oljeboringen. Statsministeren svarer han vil bore så lenge etterspørselen er der.

NRK