Nokre gonger går politikken verkeleg i ring. Det her er eit ekko frå 1950-talet. Også den gongen var ein så uroa over at folk kunne vera så dumme og bakstreverske at dei busette seg i små kyst- og fjellssamfunn, når "all" kunnskap om samfunnsøkonomi heller tala for at folk burde bu i byar eller "vekstsenter" i distrikta.
Det her var utgangspunktet for #Arbeidarpartiet sin Nord-Noreg-plan, til dømes. Ein løyve store summar for å få folk til å forlate utkantane, og heller etablere seg i nye industristadar, kor staten gjerne stod for eigarskap og investeringar.
Heldigvis tok det er etter kvart slutt. Utover 1960-talet kom det ein ny generasjon som heller meinte at målsetjinga burde vera å gjera det attraktivt å bu på små stadar, mellom anna fordi det minka presset på storbyane, og fordi stordrifta med "vekstsenter" ikkje var så effektiv som skrivebordsteoriane la opp til. Denne endringa førte mellom anna til etableringa av distriktshøgskolar, utbygging av lokalsjukehus, gymnas, fagskolar, og mykje anna. Det er først frå 1960-talet at velferdsstaten når ut til oss i distrikta.
I tillegg fekk ein fleire næringspolitiske verkemiddel, mellom anna Distriktenes Utbyggingsfond, som sørga for særskilt næringsstøtte til bedriftar som ville etablere seg i distrikta. Samstundes fekk ein også lågare arbeidagjevaravgift i distriktskommunane.
Den nye distriktspolitikken var ein kjempesuksess. På 1970-talet gjekk minka faktisk folketalet i Oslo. Sentraliseringa var viast ikkje ei naturlov likevel.
Sidan har vi gått bort frå mykje av det her. Med høgrebølgja og den nyliberale transformasjonen av Arbeidarpartiet på 1990-talet vart det plutseleg "umoderne" å styre samfunnsutviklinga demokratisk. Marknadskreftene burde heller få fritt spelerom, uavhengig av kva konsekvensane vart for folk og land.
Det forskaren i artikkelen her tar til orde for, er på mange vis å gå tilbake til sentraliseringspolitikken på 1950-talet. Eg meiner det er heilt feil. Ein bør heller børste støv av distriktspolitikken som kom etterpå. Eg meiner ordninga med avskriving av studielån som Støre-regjeringa innførte etter påtrykk frå #Senterpartiet er ein god start. Vi treng fleire sånne tiltak.
#distriktspolitikk #norsktut #norskpolitikk
Forsker slår alarm: – Vi må slutte å prøve å redde hver eneste bygd



