I kva kommune var dei ulike partia mest populære i årets #stortingsval? Her er ei oversikt.

To parti – #Senterpartiet og #Arbeidarpartiet – oppnådde faktisk reint fleirtal i sine respektive kommunar, #Lom og #Årdal.

Men at kommunen der #Venstre gjer det aller best, er #Bærum?! Det er nok ikkje urimeleg å mistenka taktisk stemmegjeving her …

#valg2025 #val2025 #statistikk #stortingsvalg #allheimen #norsktut

Finst det ein kommune som stemte omtrent likt som heile landet samla i årets #stortingsval?

Nei, eigentleg ikkje. Viss me ser på gjennomsnittleg (absolutt)avvik i partioppslutning mellom kommunen og landet, er det #Tønsberg som kom nærast. Og viss me ser på kommunen med det minste største avviket for eit parti, er det #Vestby som kom nærast. Men avvika er likevel store, eksempelvis 2,3 prosentpoeng for #Senterpartiet.

#politikk #norskpol #valg2025 #statistikk #val2025 #allheimen #norsktut

https://valgresultat.no/valg/2025/st finn me tal på førehands­røyster heilt ned på vallokale­nivå. Er nokon vallokale ekstra populære for eit gitt parti?

Ved å dela partiets oppslutning i vallokalet på oppslutninga i heile kommunen, får me eit tal som seier kor over­representert partiet er der.

Eksempel for #Bergen og tre vilkårlege parti:
SV: Student­senteret (2,3)
Høgre: NHH-biblioteket (1,6)
Frp: Telenor­bygget (1,5).

#politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut

Når eit parti over sperregrensa får *færre* distrikts­mandat til saman enn det ville fått om heile landet var eitt stort valdistrikt, har det rett på utjamnings­mandat. Men kva om det får *fleire*?

Vel, me har ikkje negative utjamnings­mandat, så partiet får faktiske behalda alle dei «ekstra» mandata.

Eg har rekna på det. I årets #val gjaldt det to parti: Frp fekk fire slike «ufortente» mandat, og Ap fekk tre.

#politikk #norskpol #valg2025 #val2025 #stortingsval #allheimen #norsktut

No før stortingsvalet fekk eg lyst til å laga ei oversikt over «familietreet» til dei største norske partia. Når vart dei stifta, og kva andre parti har dei ulike partia utspring i?

Tenkte det var eit ganske komplisert slektstre, men det viste seg å faktisk vera mykje verre enn eg trudde – og kjeldene er heller ikkje heilt einige. Men her er eit forsøk. (Obs: Eg synest det gjev eit OK overblikk, men det er fleire manglar.)

#politikk #norskpol #valg #val #val2025 #valg2025 #allheimen #norsktut

Frå BT:
«Vi må leve med at noen av de rikeste ikke betaler skatt hvert år, mener Høyres Henrik Asheim.»

Noko å tenkje på om du skal stemme dithen.

#Val2025 #Valg2025

I dag stemte eg på Sosialistisk Venstreparti. Dette er min varient av å stemme taktisk.

Utan klimakrise hadde eg stemt Raudt. Utan fare for Sylvi hadde eg stemt MDG. No håpar eg SV kan bidra til eit raudare Ap i regjering.

#Val2025 #Valg2025

Tannlegetimen min blei utsatt, så no skal eg i staden for til biblioteket. Båe for å hente 9 bøker eg bestilte overivrig i går, og for å stemme.

#Val2025 #Valg2025

Typisk drittsekk-partiet FRP. Dei tok med seg fyrtøy for å dele ut på ein skule. Og når dette – med rette – vart inndratt av rektor, påropar dei seg offerrolla i media og kallar seg sensurert.

#valg2025 #val2025 #norsktut

Leiaren i Generasjonspartiet får bevise igjen at ho berre er interessert i å snakke over og ignorere motparten sin. Har lust å håpe at det kjem til å føre til at ho blir ekskludert frå framtidige debattar o.l., men det kjem vel til å føre til enda meir av ho i monitor.

#Val2025 #Valg2025