Triste tal frå #SIPRI. Militærbudsjetta aukar globalt. Kvar krone som går til krigsførebuingar, er ei krone som ikkje går til å dekke menneskelege behov.
Triste tal frå #SIPRI. Militærbudsjetta aukar globalt. Kvar krone som går til krigsførebuingar, er ei krone som ikkje går til å dekke menneskelege behov.
Krigsferd over velferd
I 2018 skreiv eg artikkelen her i høve Trump sin vellykka kampanje for å piske Nato til å nytte 2 % av BNP på militærvesenet.
Alt er like sant i dag, bortsett frå talet. No er det 5 % som gjeld. Sløsinga kjenner ingen grenser. Våpenindustrien kan rekne med superprofitt framover. Vi andre får skatteauke og mindre velferd.
#opprusting #militarisme #Nato #Trump #norsktut
https://radikalpolitikk.no/2018/07/13/trump-pisker-sine-allierte-til-lydighet-og-opprustning/
#Nato er for tida inne i ein periode med enorm opprusting. Det pågår nærmast ein konkurranse om kven som kan hive mest pengar til militærvesenet. Det her er openbert i konflikt med måla europeiske land har om utslippskutt og grønn omstilling. Det er ikkje mogleg å sameine opprustinga her med miljøomsyn. Det bør i alle fall såkalla "grønne" parti merke seg.
Siste illustrasjon frå Global Campaign on Military Spending (GDAMS). Statistikken er henta frå SIPRI.
Det her er ekstreme tal. Til samanlikning vil det koste under 500 milliardar dollar årleg å utrydde ekstrem fattigdom fram mot 2030.
Verda bruker om lag to billionar dollar i året på militæret. Kvar dollar kunne ha vore nytta til å dekke reelle menneskelege behov.
Samstundes er også militærvesenet ein enrom forureinar. Hadde militæret i verda vore ein stat, hadde den vore på fjerdeplass på karbonutslepp.
Militarisme og opprusting er ikkje mogleg å sameine med verken 1,5 eller 2-gradarsmålet. Retninga er dessutan eintydig: meir, meir, meir.