RE: https://skvip.lol/@norsketog/116390963277266788
Har prøvd å sette opp ein bot som legg ut nyheiter frå norsketog.no.
RE: https://skvip.lol/@norsketog/116390963277266788
Har prøvd å sette opp ein bot som legg ut nyheiter frå norsketog.no.
Alstom har satt testing av nye lokaltog på pause
Togprodusenten Alstom Transport har satt testing av Norske togs nye lokaltog, type N05, på pause. Dette skyldes at det er avdekket svakheter på en del i boggi under laboratorietester.
https://www.norsketog.no/nyheter/alstom-har-satt-testing-av-nye-lokaltog-pa-pause
Grava til mamma er rett ved toglinja inn til Stavanger stasjon. Når me la ned nye blomar på grava i dag fekk eg sjå nokre veldig ukjente tog. Som jo er litt spesielt i Noreg kor alle tog er like.
Ein togkjenning kjente dei att som årets nye lokaltog som skal starte på austlandet i år! Ei lita førpremiere for oss her i Rogaland, med andre ord.
Her kan de lese og forstå at sjølv etter to lengre togturar så tek eg tida til å sjå på toga mens eg er på grava.
https://www.tog24.no/ny-generasjon-lokaltog-pa-plass-i-oslo/
Tankar mens eg sitt på eit snabbtåg mellom Malmø og Gøteborg:
Tenk om Bergensbanen var byggja bra og moderne. Tenk om det var mogleg med fleire tog samtidig utan trafikkø. Tenk om ein kunne sette opp ein Bergensekspress med færre stopp (typ Bergen, Voss, Finse, Geilo, Drammen, Oslo) som dermed kunne koma fram tidlegare.
Tenk om.
I 1897 (attennittisju):
> Om sommeren var det forbindelse inn i Sverige, for da gikk det nattog mellom #Storlien og #Stockholm, og det kjørte så raskt at det tok igjen morgentoget et eller annet sted langt inne i Sverige. Og enda bedre, om sommeren hadde dette togparet en gjennomgående sovevogn mellom #Trondheim og Stockholm to dager i uka.
Direkte #nattog mellom Trondheim og Stockholm hadde vært noe!
For dei av dykk som har togabstinensar (🙋) så forlatar #PåskeEkspressen Bergen jarnbanestasjon allereie på laurdag!
Turen har to hovudstopp, Disneyland Paris og London.
Om det blei for mykje tog ved ein av mine tidlegare togturar så er det berre å dempe #PåskeEkspressen.
RE: https://mastodon.social/@Bahnblogstelle/116289166352202616
Festtogvogn!
Denne burde slå ann i Trøndelag!
#MaisieToget har gått inn på endeleg perrong, takk for følgje!
No blir det ikkje noko meir masing frå togturar frå meg før... Laurdag! Då skal me på påskeferie til Disneyland og London! Emneknagg kjem.
Her sitt eg på #MaisieToget som starta i Berlin i går. Utanføre vindauget er Myrdal stasjon. Eg har aldri tatt Flåmbana.
Eg har tatt tog frå Bergen til Milano, men aldri Flåmbana.
Eg har vitja Europas høgaste togstasjon i Sveits, men aldri Flåm stasjon.
Eg har tatt toget rundt Storbritannia, men aldri rundt svingane frå Myrdal mot Flåm.
Det er faktisk for gale.