For dei av dykk som har togabstinensar (🙋) så forlatar #PåskeEkspressen Bergen jarnbanestasjon allereie på laurdag!

Turen har to hovudstopp, Disneyland Paris og London.

Om det blei for mykje tog ved ein av mine tidlegare togturar så er det berre å dempe #PåskeEkspressen.

#TogTut

#MaisieToget har gått inn på endeleg perrong, takk for følgje!

No blir det ikkje noko meir masing frå togturar frå meg før... Laurdag! Då skal me på påskeferie til Disneyland og London! Emneknagg kjem.

#TogTut

Her sitt eg på #MaisieToget som starta i Berlin i går. Utanføre vindauget er Myrdal stasjon. Eg har aldri tatt Flåmbana.

Eg har tatt tog frå Bergen til Milano, men aldri Flåmbana.

Eg har vitja Europas høgaste togstasjon i Sveits, men aldri Flåm stasjon.

Eg har tatt toget rundt Storbritannia, men aldri rundt svingane frå Myrdal mot Flåm.

Det er faktisk for gale.

#TogTut

Vemodig å sjå dei skikkelege Bergensbane-toga køyre forbi oss med fine seter og kafévogn. ☹️

Heldigvis skal eg og ho kona få skikkeleg Bergensbanen-oppleving på turen vår på laurdag.

#MaisieToget #TogTut

No er eg halvvegs langs Bergensbanen komen. #MaisieToget nærmar seg sin slutt. Det er jo berre ei lita RE20-tur igjen no, sånn reint tidsmessig.

#TogTut

Denne oppdelinga gjorde jo at det ein gong var billegare for meg å kjøpe ein heil sittekupé med plass til 6 personar, heller enn å handle eit enkelt pluss-sete.

Det verkar utruleg tullete.

#TogTut

Det kom nokon på allereie her på Oslo S! Aiai...

Håpar konduktøren veit gode råd om ledige plassar når dei kjem rundt.

Eg forstår enda ikkje kvifor me ikkje får velgje eiga sitteplass på Bergensbanen. På SJ mot Trondheim kan ein til og med velgje kva sovekupé ein vil ha.

#MaisieToget #TogTut

Nok ein gong har Vy  plassert meg i midtgongen. Kryssar fingrane og håpar at ingen andre har plassen på sida av meg, men det var det no med #MaisieToget på veg ned...

#TogTut

No rullar #MaisieToget inn mot Oslo S. Eg får litt over ein halvtime på meg for handling før eg skal vidare mot Bergen.

Eg har klart å drikke opp all drikke og ete opp all snacks, så det trengs.

#TogTut