#KodeToget er framme ved endeleg stasjon!

Takk for følget. Neste større togtur blir i oktober. .
#TogTut

Eg fekk ein ny følgjekamerat på Myrdal, kor eg forøvrig fekk ei usedvanleg god vy av Flåmbana. Den er det sjeldan eg ser der.

Med stopp på Voss no følar eg meg ganske heime, sjølv om det enda er nesten halvtime att av #KodeToget.

Sidemannen gjekk av toget no på Haugastøl, eg krysserfingra for at setet blir verande tomt fram til Bergen 🤞

#KodeToget

Eg gløymde å leggje ut #TogSelfie frå i stad!

Her er eg og det flotte loket som så langt har dratt #KodeToget heile vegen til Ustaoset.

Åneeei, forsvinner dekninga no når me nærmar oss Finse? Uff... Må eg leggje frå meg jobbmaskina og ta opp att "Dungeon Crawler Carl", seiar du? Nei og nei. Vel, om eg må så.

#KodeToget

Med ankomst på Geilo er #KodeToget om lags halvvegs på Bergensbanen. Men om eg tek med når eg starta i Gøteborg er eg no 69% av vegen dit. Nice.

Har jobba i to og ein halv time på toget no med oppfølgjingspunkt frå konferansa. Det går veldig bra når ein sitt på Pluss-seter med stor og god pult.

Får lust å reise og jobbe oftare slik her.

#KodeToget

Eg forstår at 1. klasse på tog ofte er bakerst fordi det er lengst frå loket og difor har minst støy, men eg føretrekk verkeleg når 1. klasse på tog er fremst fordi då kjem ein lengst inn på perrongen når ein er framme.

(Og for å kunne sjå loket enklare, så klart)

#KodeToget

Eg gløymde diverre heilt å speide etter @gaski i Drammen i dag. Håpar ikkje ho stod der og venta på #KodeToget!

No tek eg kanskje Bergensbanen på meir uvanlege tidspunkt enn kvarmannsen, men dette er kanskje fyrste gong eg har fått beskjed om at toget er heilt fullbooka!

Kanskje ein gong før?

Det er visst populært å reise på formiddagar fredag.

#KodeToget