eg et ikkje banan seier
Smokey Jo og Bibliotekaren seier
jo det går og EngleHarry seier
knust banan er dessertskive
og sporven hakkar på
muffinpapiret
eg et ikkje banan seier
Smokey Jo og Bibliotekaren seier
jo det går og EngleHarry seier
knust banan er dessertskive
og sporven hakkar på
muffinpapiret
på rundpinne vert alt
baklengs for å seie det slik seier eg
og Bibliotekaren seier dei knurrar jo
heilt til dei kjem og luktar på meg og
då er det greit og Mikro seier vi
hadde undulat ei stund men den vart
så knytta til meg at den gjekk til
angrep på alle andre
det var satans søt te seier
SmokeyJo og kan hende det
kan ha noko å gjere med at
eg hadde oppi to poser
med sukker
det var satans søt te seier
SmokeyJo og kan hende det
kan ha noko å gjere med at
eg hadde oppi to poser
med sukker
Det irriterer meg at Foggy har
midtskil seier Smokey Jo og
bussjåføren seier du som sit
bakerst der få beina ned på
golvet og Bly seier eg tok feil
kort og korleis gjer eg det no
Ikkje at eg klager men det er varmt
seier Tender og SmokeyJo seier sure
speilegg eg skulle ynskje eg kunne vore
ved elva og Bly seier eg gidd ikkje
freiste å forklare det der om å ete
all maten i Mongolia eller ikkje
Eg har for mange jern i isen
seier EngleHarry og Bly
seier du meiner vel ilden
og Bibliotekaren seier elden
og EngleHarry seier asen
Eg la meg klokka elve i går og
somna klokka tre seier Tender
for når det er noko å tenkje på så
tenkjer eg og Smokey Jo
ser på Bibliotekaren og opp på
ballen som sit fast
i taket
Kan du love meg berre ein ting
seier Smokey Jo og Bibliotekaren
snur seg mot bålet og seier
ikkje noko og eg ser berre
golfkølla og seier
ikkje noko
Dei leikar ikkje seier Nykk
for det er vi som leikar og
dei skjønar ikkje kva leik er men
dei skjønar det når dei skjønar det
og Bibliotekaren tek frå meg boka
og seier du er nummer ein
på ventelista