jammen eg sa jo til deg at
eg la han i kjøleskåpet ved osten
seier bibliotekaren og han ligg under
eller på osten og eg seier
eg er ikkje så interessert

#BarHillNo
#Allheimen

eg et ikkje banan seier
Smokey Jo og Bibliotekaren seier
jo det går og EngleHarry seier
knust banan er dessertskive
og sporven hakkar på
muffinpapiret

#BarHillNo
#mikrofiksjon

på rundpinne vert alt
baklengs for å seie det slik seier eg
og Bibliotekaren seier dei knurrar jo
heilt til dei kjem og luktar på meg og
då er det greit og Mikro seier vi
hadde undulat ei stund men den vart
så knytta til meg at den gjekk til
angrep på alle andre

#BarHillNo
#mikrofiksjon
#Allheimen #Nynorsk

det var satans søt te seier
SmokeyJo og kan hende det
kan ha noko å gjere med at
eg hadde oppi to poser
med sukker

#BarHillNo
#mikrofiksjon
#mikropoesi
#NorskTut

det var satans søt te seier
SmokeyJo og kan hende det
kan ha noko å gjere med at
eg hadde oppi to poser
med sukker

#BarHillNo
#mikrofiksjon
#mikropoesi
#Allheimen

Eg vart litt kvalm sjølv seier
EngleHarry og set seg ved sida
av Bibliotekaren som seier ja
to sprayar er for mykje.

#BarHillNo
#NorskTut #NynorskTut

Det irriterer meg at Foggy har
midtskil seier Smokey Jo og
bussjåføren seier du som sit
bakerst der få beina ned på
golvet og Bly seier eg tok feil
kort og korleis gjer eg det no

#BarHillNo
#mikrofiksjon
#Allheimen

Ikkje at eg klager men det er varmt
seier Tender og SmokeyJo seier sure
speilegg eg skulle ynskje eg kunne vore
ved elva og Bly seier eg gidd ikkje
freiste å forklare det der om å ete
all maten i Mongolia eller ikkje

#BarHillNo
#mikrofiksjon #nynorsk #allheimen

Ikkje avbryt meg seier Bly og
Mikro ser på jordbæra og
seier kan eg seie noko no og
Bibliotekaren løfter noko opp
frå golvet og seier for eit merkeleg
kålhovud

#BarHillNo
#allheimen

Eg har for mange jern i isen
seier EngleHarry og Bly
seier du meiner vel ilden
og Bibliotekaren seier elden
og EngleHarry seier asen

#BarHillNo
#mikrofiksjon #nynorsk
#Allheimen