Leiter du etter bøker om #Midtausten på norsk?
Eg har samla ei liste over samtlege midtausten-relaterte bøker som har kome ut sidan 2011:
https://magnushalsnes.no/midtausten/2021/6/3/midtausten-norsk
JERUSALEM SOM JULEGÅVE
I dag er 105 år sidan den britiske statsministeren ynskte seg #Jerusalem som julegåve, og fekk det!
Propagandastuntet vart grundig dekka i norske aviser. Mykje var tørre telegram, men det var òg ein del fargerike analysar med kristne over- og undertonar.
Les meir her: https://magnushalsnes.no/midtausten/2017/12/18/jerusalem-til-jul
God artikkel om vassproblematikk i #Jordan , eitt av dei tørraste landa i verda som no hår timme for vatn. Her er mange problemstillingar som er svært fjerne for oss i vassrike Noreg.
Grensekonfliktene mellom Jordan og naboane på 1920 og 1930-talet gjekk mykje på tilgang til vatn, ikkje olje. Medan Jordan fekk 4 brønner på si side, fekk #SaudiArabia kring 60 då grensene vart etablerte i 1925-1932.
https://www.nytimes.com/2022/11/09/world/middleeast/jordan-water-cop-27.html
I den kontroversielle Balfour-erklæringa frå november 1917 erklærte britane at dei støtta opprettinga av ein nasjonalheim for det jødiske folk i Palestina.
Brevet var datert 2. november, ein fredag, men vart først publisert i The Times veka etter, fredag 9. november. 105 år sidan i dag. Den vart ikkje publisert i Palestina med det første.
I Noreg kom nyhenda tysdag 13. november, og først ute var den konservative sørlandsavisa Vestlandske Tidende.
Eg er svak for alle bøker som kjem ut på norsk om #Midtausten.
Sidan det ikkje er særleg gode oversikter over alle desse bøkene, laga eg ei sjølv, frå 2011 til idag.
Hjelp meg gjerne om noko manglar!
Les den her: https://midtausten.no/midtausten/2021/6/3/midtausten-norsk
Når byrja ein bruke #Midtausten om Midtausten i Noreg?
Det har eg forsøkt å finne ut av:
https://midtausten.no/midtausten/2021/2/1/midtausten-i-noreg