Eg er styggeleg heldig og har tilgang på to gode hardingfeler. Til venstre ei Kristian Undlien-fele frå 1971. Undlien var felemakar frå Etnedal, eg veit ikkje meir om han. Fela læt stort og fyldig, eit flott instrument. Til høgre ei fele som oldefar min, Søren Ødegård, bygde i 1925. Oldefar bygde mange feler, og celloar! Ho læt litt spinklare, men klårt og reint. Dei er gode på kvar sitt vis. #hardingfele #fele #folkemusikk





