Noen vil si at det er bra de har prøvd å bruke KI!

Alver kommune avslørt for KI-juks i skulesak
Alver kommune brukte kunstig intelligens til å laga ei kjeldeliste i ei sak om skulenedlegging, men halvparten av forskingskjeldene viste seg å vera oppspinn, skriv Avisa Nordhordland. Dei avslørte at KI-verktøyet hadde «hallusinert» fram ikkje-eksisterande artiklar. Tenesteleiar Irene Hystad Hugaas legg seg flat og lovar opprydding. – Vi har gjort ein feil, og kjeldene er no fjerna frå dokumentet, seier Hugaas. Kommunen understrekar at sjølve hovudvurderinga framleis byggjer på reelle samtalar med elevar og foreldre.
