Artist i Cirkus Agora fall 3-4 meter

Nødetatene er på vei til Sirkus Agora i Mosvik etter at en Ein sirkusartist i Cirkus Agora fall tysdag kveld ned 3-4 meter frå ein trapes under ei førestilling i Mosvik i Trøndelag.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923936

#vestland #nrkVestland

Artist i Cirkus Agora fall 3-4 meter

Nødetatene er på vei til Sirkus Agora i Mosvik etter at en Ein sirkusartist i Cirkus Agora fall tysdag kveld ned 3-4 meter frå ein trapes under ei førestilling i Mosvik i Trøndelag. Det skriv Trønder-avisa. Sirkuset høyrer til i Vestland. Politiet fekk meldinga klokka 18.46. Naudetatane kom til staden 19.30. Personen, som er ei kvinne i 20-årene, er forslått, men bevisst. Luftambulanse landa på staden. Førestillinga vart ikkje avlyst.

NRK

Motorsykkel tok fyr i ulukke – E39 stengd

Ein motorsyklist hadde ei ulukke på E39 ved Sande i Sunnfjord kommune tysdag kveld.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923974

#vestland #nrkVestland

Motorsykkel tok fyr i ulukke – E39 stengd

Ein motorsyklist hadde ei ulukke på E39 ved Sande i Sunnfjord kommune tysdag kveld, melde Vest politidistrikt klokka 20.45. Det er snakk om ei singelulykke der motorsykkelen velta og byrja å brenne. Føraren er vaken og har smerter i overkroppen. Han vart først varetatt av andre trafikantar. Brannvesenet er på staden og har starta sløkking og pasientbehandling. Det er full stans i trafikken i begge retningar, men brannvesenet vil straks åpne eitt felt og dirigere trafikken.

NRK

Brann i rekkehus i Fana er sløkt

Det oppstod kraftig røykutvikling då

https://www.nrk.no/vestland/1.17923868

#vestland #nrkVestland

Brann i rekkehus i Fana er sløkt

Det oppstod kraftig røykutvikling då Politiet fekk melding om brann i eit rekkehus klokka 19.56. Det var kraftig røykutvikling etter at det tok fyr i eit varmeteppe. Det er åtte bueiningar i bygget. Bebuar hadde kome seg ut medan naudetatane var på veg, melde Vest politidistrikt. Etter kort tid hadde brannvesenet sløkt brannen.

NRK

Sjå Vestlandsrevyen 19.30

Jubel i Askvoll i dag. Eit stort fleirtal i Vestland fylkesting sa ja til å bygga Atløysambandet.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923760

#vestland #nrkVestland

Sjå Vestlandsrevyen 19.30

Jubel i Askvoll i dag. Eit stort fleirtal i Vestland fylkesting sa ja til å bygga Atløysambandet. Vestlandsrevyen har i dag samsending med NRK Rogaland.

NRK

Klart for avstemming om Atløysambandet

Vestland fylkesting nærmar seg no avstemming om bygging av Atløysambandet, etter ein lang debatt i møtet.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923738

#vestland #nrkVestland

Klart for avstemming om Atløysambandet

Vestland fylkesting nærmar seg no avstemming om bygging av Atløysambandet, etter ein lang debatt i møtet. Klokka 17.45 gjekk fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap) på talarstolen og sa at han vil stemme mot bygging av Atløysambandet, medan Arve Helle (Ap) seier han vil stemme for. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) gjekk deretter på talarstolen og seier han vil stemme med fleirtalet.

NRK

Vedtak: Ja til Atløysambandet

43 stemte for bygging av Atløysambandet, 22 stemte mot.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923757

#vestland #nrkVestland

Vedtak: Ja til Atløysambandet

43 stemte for bygging av Atløysambandet, 22 stemte mot. Det er resultatet etter dagens debatt i Vestland fylkesting. 66 prosent av fylkespolitikarane stemte dermed for prosjektet. Høgre, SV Venstre og KrF stemte samla for utbygginga. MDG stemte samla mot. I Ap stemte åtte mot og 4 for, i Frp fire mot og fem for.

NRK

Søker ny statsforvaltar i Vestland – fristen er utsett

Liv Signe Navarsete (biletet) går 1. september av som statsforvaltar i Vestland.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923724

#vestland #nrkVestland

Søker ny statsforvaltar i Vestland – fristen er utsett

Liv Signe Navarsete (biletet) går 1. september av som statsforvaltar i Vestland. 11. juni gjekk søknadsfristen ut for dei som ønsker å bli etterfølgaren hennar. Men no har Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forlenga fristen til 29. juni. – Dette for å sikra eit breiast mogleg søkjargrunnlag til ei svært viktig stilling, opplyser departementet til Sogn Avis. Det framgår ikkje kor mange som til no har søkt stillinga som statens øvste representant i Vestland.

NRK

Rv 13 stengd mellom Voss og Granvin

Tunsbergtunnelen på Rv 13 mellom Voss og Granvin er stengd på grunn av eit køyretøy med stans midt inne i tunnelen.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923656

#vestland #nrkVestland

Rv 13 stengd mellom Voss og Granvin

Tunsbergtunnelen på Rv 13 mellom Voss og Granvin er stengd på grunn av eit køyretøy med stans midt inne i tunnelen. Det melder Vegtrafikksentralen. Bilbergar er på veg.

NRK

LH2 Shipping får 344 millionar til to nye hydrogenskip

Bergensrederiet LH2 Shipping får 344,3 millionar kroner i Enova-støtte til å utvikle og byggje to nye bulkskip som skal gå på flytande hydrogen.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923604

#vestland #nrkVestland

LH2 Shipping får 344 millionar til to nye hydrogenskip

Bergensrederiet LH2 Shipping får 344,3 millionar kroner i Enova-støtte til å utvikle og byggje to nye bulkskip som skal gå på flytande hydrogen. Dei to utsleppsfrie skipa skal frakte bulk og stykkgods mellom Nord-Norge og Baltikum. Med denne tildelinga har selskapet no seks hydrogendrivne skip i porteføljen sin, med ei samla Enova-støtte på over 800 millionar kroner.

NRK

Full stans for Bybanen

Det er full stans på bybanelinje 1 mellom Bergen lufthavn og sentrum inntil vidare. Det er venta å vere kortvarig, opplyser Skyss på sine nettsider.

https://www.nrk.no/vestland/1.17923638

#vestland #nrkVestland

Full stans for Bybanen

Det er full stans på bybanelinje 1 mellom Bergen lufthavn og sentrum inntil vidare. Det er venta å vere kortvarig, opplyser Skyss på sine nettsider.

NRK