Film 1: Bird. Britisk drama. Knallbra opning av festivalen. Dette er den seinaste filmen til Andrea Arnold, og det er nok ein fulltreffar frå ho. Filmane hennar er kjent for sosialrealisme og tematiserer ofte oppvekst og fattigdom. Bird er ingen unnatak. Denne gongen ispedd litt magisk realisme. Eg skal sjå American Honey igjen når eg kjem heim. #Kosmorama
Film 2: The Luckiest Man in America. Amerikansk drama om ein håplaus isbilsjåfør som knekker koden til ein TV-konkurranse. Samir Oliveros er tilbake på festivalen etter Bad Lucky Goat (2017) med ei morosam og spennande historie frå røynda. Denne når ikkje heilt same høgda, men eg koste meg lell. #Kosmorama
Film 3: Filmlovers. Fransk semibiografisk, semidokumentarisk drama. Paul Dédalus, regissør Arnaud Desplechin sitt alter ego på lerretet, utforskar filmmediet. Veldig fransk, det vil seie mykje pretensiøst babbel som står i vegen for den sentimentale, poetiske kjerna. Sjølv om eg er i kjernemålgruppa (bachelor i filmvitskap, filmklubbmedlem, filmfestival-gjengar), vart dette ein bom for min del. #Kosmorama
Film 4: One of Those Days When Hemme Dies. Tyrkisk drama frå debutanten Murat Fıratoğlu. Filmen lovar mykje, men klarar aldri heilt å levere. Vi ventar på konflikt medan banalitetane står i kø. Ikkje at det er noko gale med det banale, men eg vart lei av poenglaus vandring gjennom gatene. I tillegg var det stiv dialog. Eg veit ikkje om det var tekstinga eller manuset si skuld, men det var meir enn ein gong at eg rulla med auga. Anslaget med soltørking av tomat var visuelt interessant. #Kosmorama
Film 5: Drowning Dry. Litauisk drama frå filmskaparen Laurynas Bareisa. Det mest interessante med filmen er den ikkje-lineære strukturen. Men det trer ikkje i kraft før eit godt stykke ut i filmen. Hovudpremisset – kva konsekvens ei ulukke har på familiane – fekk difor lite tid til å utfolde seg. Tre bom på rad. Får håpe neste leverer... #Kosmorama
Film 6: Sister Midnight. Britisk/indisk feministisk, svart komedie om eit retningslaust ekteskap. Filmen kjentest til tider òg litt retningslaus ut, men den komiske timinga til hovudrolleinnehavar Radhika Apte, eit fandenivoldsk plott som eg ikkje skal røpe og eit knall lydspor gjer det til ein fornøyeleg film likevel. Den norske fotografen Sverre Sørdal var til stades på visninga. #Kosmorama
Film 7: Paying for it. Kanadisk drama basert på den sjølvbiografiske grafiske romanen til Chester Brown, regissert av ekskjærasten hans. Eg kjenner ikkje til originalmaterialet eller teikneserieskaparen, og var litt skeptisk til historia i starten. Men dette viste seg å vere ei forfriskande, ærleg, humørfylt og fin forteljing om sexkjøp. Den såg eg ikkje kome. #Kosmorama
Film 8: Folktales. Norsk dokumentar om eit skuleår ved Pasvik folkehøgskule. Ei "coming-of-age"-forteljing med hundesleder i det kalde nord. Utfordringane verka overkommelege ut, men det var ein fin film likevel. #Kosmorama
Film 9: Mr. Nobody Against Putin. Dansk/tjekkisk dokumentar om russisk propaganda i skuleverket etter invasjonen av Ukraina. Ein engasjerande og underhaldande forteljar lurer deg til å tru at dette blir morosamt. Men dette er eit skremmande innblikk i propaganda og indoktrineringa i skulen. Dette er skrekkfilm på høglys dag. #Kosmorama
Film 10: Where the Wind Comes From. Tunisisk roadmovie som handlar om ein dagdraumar som ikkje alltid tenkjer på konsekvensane av dei impulsive handlingane sine. Fin og ikkje utan sjarm, men kjentest tidvis litt forhasta. Flott visuelt. #Kosmorama
Film 11: Noise. Sør-koreansk skrekkfilm med ei uhyggeleg stemning som held interessa gjennom heile speletida. Settinga er gjenkjenneleg. Eg skulle ønskje høyrselstapet til hovudpersonen fekk ei endå større rolle i plottet, sjølv om filmen ofte nyttar lyd på ein effektiv måte. #Kosmorama
Film 12: Don't Hang up. Norsk-amerikansk skrekkfilm i "found-footage"/videosamtale-format. Eg trur dette ville blitt ein betre film viss dei hadde droppa Facetime-greia. Det vart berre gimmick-aktig og irriterande. Historia er dessutan uoppfinnsam og klisjefylt, og eg vart sitjande å tenkje på kor usannsynleg god batteritid det var på telefonen til hovudpersonen heller enn plottet. #Kosmorama
Film 13: Bound in Heaven. Kinesisk drama basert på ein roman med same namn. Romantisk kjærleikshistorie, men med lite patos. Flate figurar, lite kjemi, lite romantikk. Forteljinga fungerer nok best på papiret. Men det var lekker kinematografi. #Kosmorama
Film 14: Rains over Babel. Kolombiansk LHBTQ-nytolkning av eposet Den guddommelege komedie av Dante. Dette var ein skikkeleg stilig, skeiv og fargerik high-concept-film. Men det blir til sist mest stil og lite substans, og enkelte partiar blir dørgande keisame. Det var tre i publikum som gjekk under visninga. Leit, for det var som sagt ein stilig film. #Kosmorama
Film 15: The Colors Within. Japansk animasjonsfilm. Søt men skuffande om overgangen til tenåra og oppdaging av eigen seksualitet. Berre at den aldri våga å utforske seksualiteten. Eg trudde dessutan at synestesi skulle vere ein større del av plottet, men det vart mest ein snodig eigenskap heller enn eit plottpoeng. Det heile verka som eit bestillingsverk frå ei kristengruppe frå filmskaparar som veldig gjerne har lyst til å fortelje ei skeiv historie men ikkje kan under dei rammene. #Kosmorama
Film 16: Kill the Jockey. Argentinsk komedie. Eg likte fyrste del. Energisk og full av spissfindig humor. Men etter sjukehuset ramla alt saman og vart traurige greier. Energien forsvann heilt. Buster Keaton-etterlikninga til hovudpersonen hjelpte heller ikkje på. #Kosmorama
Film 17: Peacock. Austerriksk dramakomedie. Morosam og smart satire om einsemd. Dette er Yorgos Lanthimos kryssa med Ruben Östlund, men tankane mine gjekk fyrst og framst til sosialantropologien og Erving Goffman. #Kosmorama
Film 18: Mr. K. Surrealistisk drama frå Nederland. Crispin Glover i hovudrolla, men plutseleg dukkar Jan Gunnar Røise og Bjørn Sundquist også opp i dette kaotiske, kafkaske marerittet kor Glover til alt overmål er den mest normale figuren. Lyddesignet var utmerkt og sett-designet var flott gjennomført. Men det vart tidvist litt langdrygt og rart for rarheits skuld. Regissør Tallulah H. Schwab var til stades på visninga. #Kosmorama
Film 19: 78 Days. Serbisk found-footage-drama. Dette er slice-of-life om ein familie på den serbiske landsbygda med kosovokrigen i 1999 som bakteppe. Godt og realistisk skodespel. Her er det mykje fin familiedynamikk og såre augeblikk i ei usikker tid – altfor aktuelt også i dag. Men litt for mykje støyete søskenkrangling og ustø kameraføring trekk filmen ned for min del. Dette var for øvrig min film nummer 450 totalt på #Kosmorama (viss eg har rekna rett).
Film 20: Happyend. Japansk drama om eit facistregime i miniatyr på ein skule. Filmen prøver på mykje når han tematiserer overvakingssamfunnet, makt i krisetider og rasisme, men klarar aldri heilt å engasjere. #Kosmorama
Film 21: Wild Diamond. Fransk drama om draumen om å bli influenser. Eg veit ikkje heilt kva bodskapen i filmen er. Hovudpersonen er eindimensjonal og lite sympatisk, og vi får aldri ei forståing om kvifor det forskrudde skjønheitsidealet er så viktig for ho. #Kosmorama
Film 22: My Way. Fransk dokumentar om opphavet til den berømte låta til Frank Sinatra. Heilt grei og ordinær dokumentar med mykje arkivklipp og intervju. Følte ikkje at eg lærte noko som eg ikkje kunne lært frå ein Wikipedia-artikkel. Litt rart val å ha Jane Fonda i rolla som songen personifisert som forteljarrøyst. #Kosmorama
Film 23: Nawi. Kenyansk drama. Ein sjarmerande hovudperson i ein rørande og vond film om barneekteskap og grufulle tradisjonar. Bodskapen er ikkje subtil – snarare tvert om – men filmen er godt skrive likevel. Og flott fotografert. #Kosmorama
Film 24: Reflection in a Dead Diamond. Belgisk surrealistisk actionfilm. Leiken sjangerblanding og energisk klipp gir oss ei ikkje-lineær historie. Men kva er ekte og kva er den sviktande hugsen til ein senil, gammal belgisk James Bond-type? Tidvis særs valdeleg, tidvis forvirrande. Eg likte stilen, men veit ikkje om eg likte filmen som heilskap. #Kosmorama
Film 25: Anora. Amerikansk dramafilm og oscargrossist frå Sean Baker. Eg veit eg er seint ute, men eg koste meg skikkeleg med denne! Yura Borisov var brilliant, og tittelfiguren – glimrande spelt av Mikey Madison – hadde både bredde og djupn. Mykje humor og varme midt i ein spent situasjon. Eg merka ikkje at speletida var over to timar. #Kosmorama
Film 26: Memoir of a Snail. Australsk animasjonsfilm. Trist, men fin film om depresjon, sorg og einsemd. Godt og gjennomført handverk. Morosam, men ikkje munter. Måtte løpe rett ut i festivalkafeen og kjøpe meg ein solbolle med masse sukker etterpå. #Kosmorama
Film 27: Through Rocks and Clouds. Peruansk drama om fotballmeisterskap og alpakkaer. Den mektige naturen er ein spektakulær kulisse. Konflikt kring gruveutbygging i ein liten landsby blir effektivt fortald i bakgrunnen av forteljinga om ein liten gut og alpakkaen hans. Filmen har litt strukturelle problem, men verdt ein titt berre for sveisen til alpakkaen. #Kosmorama
Då var festivalen over for min del. Takk for no, #Trondheim.
@simonboba Synest det var (nok) ein film som var veldig lovande og gøy i starten, men som tapte seg etter kvart. Totalt sett ein brukbar film (gav han 7/10), men ein som hadde ei spire i seg til å bli så mykje betre og meir vesentleg enn han til slutt faktisk vart.