Nokon som har anbefalingar til #Kosmorama? Nokre av filmane på programmet var f.eks. på #Tiff.

https://kosmorama.no/program/filmer

#filmprat #norsktut #filmfestival #Trondheim

Program: filmer

Kosmorama Filmfestival viser rundt 80 filmer fra hele verden i mars. Bli med på festen!

Hmm. Kosmorama har endra på avrøystinga til publikumsprisen.

Frå 2005 til 2025 har dette skjedd med røystesetel der publikum markerer ein karakter frå 1-5, og du kunne levere røyster til alle filmar innan kategorien New Director.

Under årets festival kan du ikkje gje karakter, og du kan berre gje éi einaste røyst. Men du kan røyste på (nesten) heile programmet, ikkje berre New Director-kategorien.

#Kosmorama #Trondheim #filmfestival

Besøkstalet til #Kosmorama 2025 vart 38.467. Det er jo ikkje så verst!

#Trondheim #filmfestival #filmprat

Film 25: Anora. Amerikansk dramafilm og oscargrossist frå Sean Baker. Eg veit eg er seint ute, men eg koste meg skikkeleg med denne! Yura Borisov var brilliant, og tittelfiguren – glimrande spelt av Mikey Madison – hadde både bredde og djupn. Mykje humor og varme midt i ein spent situasjon. Eg merka ikkje at speletida var over to timar. #Kosmorama
Film 24: Reflection in a Dead Diamond. Belgisk surrealistisk actionfilm. Leiken sjangerblanding og energisk klipp gir oss ei ikkje-lineær historie. Men kva er ekte og kva er den sviktande hugsen til ein senil, gammal belgisk James Bond-type? Tidvis særs valdeleg, tidvis forvirrande. Eg likte stilen, men veit ikkje om eg likte filmen som heilskap. #Kosmorama
Film 23: Nawi. Kenyansk drama. Ein sjarmerande hovudperson i ein rørande og vond film om barneekteskap og grufulle tradisjonar. Bodskapen er ikkje subtil – snarare tvert om – men filmen er godt skrive likevel. Og flott fotografert. #Kosmorama
Film 22: My Way. Fransk dokumentar om opphavet til den berømte låta til Frank Sinatra. Heilt grei og ordinær dokumentar med mykje arkivklipp og intervju. Følte ikkje at eg lærte noko som eg ikkje kunne lært frå ein Wikipedia-artikkel. Litt rart val å ha Jane Fonda i rolla som songen personifisert som forteljarrøyst. #Kosmorama
Film 21: Wild Diamond. Fransk drama om draumen om å bli influenser. Eg veit ikkje heilt kva bodskapen i filmen er. Hovudpersonen er eindimensjonal og lite sympatisk, og vi får aldri ei forståing om kvifor det forskrudde skjønheitsidealet er så viktig for ho. #Kosmorama
Film 20: Happyend. Japansk drama om eit facistregime i miniatyr på ein skule. Filmen prøver på mykje når han tematiserer overvakingssamfunnet, makt i krisetider og rasisme, men klarar aldri heilt å engasjere. #Kosmorama
Film 19: 78 Days. Serbisk found-footage-drama. Dette er slice-of-life om ein familie på den serbiske landsbygda med kosovokrigen i 1999 som bakteppe. Godt og realistisk skodespel. Her er det mykje fin familiedynamikk og såre augeblikk i ei usikker tid – altfor aktuelt også i dag. Men litt for mykje støyete søskenkrangling og ustø kameraføring trekk filmen ned for min del. Dette var for øvrig min film nummer 450 totalt på #Kosmorama (viss eg har rekna rett).