Eg ser ut vindauget av bussen, er nesten ved mitt stopp. Hundre meter att, kanskje. Ser ned att i boka eg les, det er berre åtte sidar att før slutten. Skal eg sitte på tri stopp til? Fem kilometer for langt?

#Kortprosa

Eg satt på kafeen med ein kopp og ei bok. Ut vindauget såg eg eit kjent andlet, så eg nikka imøtekomande.

Når dei var forbigåen kom eg på at det ikkje var nokon eg har møtt, men nokon eg har sett på fjernsynet.

#Kortprosa

Eg stod med den vante jakka i handa, ein arm inn, når Yr lasta inn på mobilen.

"To gradar, ja."

Eg såg på jakka eg var halvarms påkledd. Den tynne haustjakka.

#Kortprosa

Atten tusen sekund

Berre fem timar
Så lenge må eg halda ut
Det må eg klara
Berre fem timar
Som ein leik
Berre ti halvtimar
Nesten ingenting
Tjue kvarter
Neidå
Berre tretti ti-minuttarar
Fort som svint
Seksti fem-minuttarar, berre
Ikkje meir
Tri hundre minutt å halde ut
Går kjapt
Atten tusen sekundar
Tida flyr
Berre atten tusen sekundar
Susar forbi
Sytten tusen ni hundre og nittini sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte og eit halvt sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten
Tikk
Tusen
Takk
Ni
Tikk
Hundre
Takk
La
Tikk
Meg
Takk
Halde
Tikk
Ut
Takk

———

#Dikt #Kortprosa #Lyrikk #LitteraTut #Allheimen

Forsvinne

Den plutslege trangen
til å berre hoppe på nattoget
og forsvinne
ut i natta

———

#Dikt #Kortprosa #LitteraTut #Allheimen

Eg innsåg at eg kan kjenne att mine depresjonar i bilete.

#dagensdikt #kortprosa #NorskPix #Depresjon

Smil

Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen

———

#Kortprosa #LitteraTut #Allheimen

Nytt år, ny #introduksjon!

Eg er Markus 🙋 Eg jobbar som tech lead på ein dataplattform, men har lust å jobbe som #forfattar.

Så langt har eg gjeve ut tri bøker, alle del av teikneserietrilogien #UdugelegeHeltar (i lag med @Helgemonster). Dei er gjeve ut på engelsk og norsk.

For tida skriv eg mest #dikt og anna #kortprosa.

Eg unngår fly og tek difor mykje tog, iallfall ein større #togferie i året.

Jobbar med å like meg sjølv som person.

#NorskTut #Allheimen

En af mine tekster fra Radikale mennesker og hjem i et længst eksploderet kvarter er med i den her antologi med kortprosa fra syttenhundredetallet og til sådan cirka nu. Det er Lars Bukdahl og Peter Adolphsen der har redigeret udvalget. Det er gode sager, så shop løs eller lån lystigt på biblo. Udsæt også gerne dine elever for det, hvis du er lærer! https://dansklf.dk/kortprosa-antologi

#litteratur #kortprosa

Kortprosa. Antologi | Dansklærerforeningens Forlag - Dansklærerforeningen

Kurser og aktiviteter. Dansklærerforeningen tilbyder mange spændende kurser, konferencer og seminarer i løbet af året. Kurserne er åbne for alle.

Dansklærerforeningen

eg må halde meg på matta seier
Bibliotekaren så eg kan ikkje og
Zadpig tek golfkølla og seier nei
for å gjere ei lang historie
kort du veit helsa

#BarHillNo
#nynorsk #stuttfiksjon #kortprosa