#NorskTut #allheimen #hjelpetut #hjelpmeg #hjelp
Mamma døydde for 6 og ei halv veke sida, og facebook klarar ikkje å verken svare eller oppdatere når eg prøvar å fikse facebook-kontoen hennar.
#Facebook har så klart ingen å ringe eller sende epost til. Alle sidar som tilsynelatende let ein sende inn fritekst får same feilmelding.
Det er ikkje tilfeldigvis nokon her inne som har nokre kontaktar, eller tips?
Eg har fått nok av at Facebook skal foreslå at eg burde sende mamma ei melding.
Eg har lust å lage eit #kart som skildrar ferien eg hadde i sumar. Reiserutar båe med tog og buss, og til fots.
felt.com såg lovande ut, men dei har ikkje moglegheit for å togrutar direkte (må teikne dei sjølv).
Er det nokon her i #Allheimen som veit om eit verktøy som kan hjelpe meg? Eg har lust å lage eit fint bilete av ferien, og samtidig få ut litt satistikk som distanse.