Motorsyklist sklei på Fanavegen
Naudetatane rykte i halv 12-tida ut til Fanavegen i Bergen, etter ei elektronisk melding om mogleg motorsykkelvelt.

Motorsyklist sklei på Fanavegen
Naudetatane rykte i halv 12-tida ut til Fanavegen i Bergen, etter ei elektronisk melding om mogleg motorsykkelvelt. – Brannvesenet har motteke meldinga som ein E-call, opplyser operasjonsleiar Ole Ronny Olsen. Ved framkomst fekk politipatruljen stadfesta at ein MC-førar skal ha sklidd på vegen. – Motorsyklist hevdar seg uskadd, melder Olsen. Det skal ikkje vere trafikale problem på staden.