Menn sikta for tvang, vald og fridomsrøving

To menn i 20- og 30-åra er sikta for fridomsrøving, grov tvang og kroppskrenking. Mennene vart pågripne i Bergen denne veka.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926196

#vestland #nrkVestland

Menn sikta for tvang, vald og fridomsrøving

To menn i 20- og 30-åra er sikta for fridomsrøving, grov tvang og kroppskrenking. Mennene vart pågripne i Bergen denne veka. – Den første vart pågripen tysdag, og den andre i går kveld, stadfestar politiadvokat Elise Kleiven til NRK. Kleiven er sparsam med opplysningar, men seier at siktinga gjeld ei hending, som ikkje skal ha skjedd i nyare tid. Det skal vere ein viss bekjentskap mellom den fornærma og dei to sikta. Grunna fare for at bevis kan bli øydelagde ber politiet om fire veker varetekt for mannen i 20-åra. Det er førebels ikkje teke stilling til om også den siste skal framstillast for fengsling.

NRK

Vestland innfører felles mobilreglar i vidaregåande skular

Frå 1. august 2026 får alle vidaregåande skular i Vestland felles reglar for bruk av mobiltelefon og smartklokke i opplæringsøktene.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926199

#vestland #nrkVestland

Vestland innfører felles mobilreglar i vidaregåande skular

Frå 1. august 2026 får alle vidaregåande skular i Vestland felles reglar for bruk av mobiltelefon og smartklokke i opplæringsøktene. Det opplyser fylkeskommunen på sine sider torsdag. Den mest merkbare endringa blir at mobiltelefonar og smartklokker skal leggast bort og vere sette på lydlaus under opplæringsøkta. I 2024 var Vestland og Innlandet dei to einaste fylka som vedtok at kvar enkelt skule fekk lage eigne reglar for mobilbruk. Dei resterande fylka vedtok felles reglar for alle vidaregåande skular, om at mobilen som ikkje skulle nyttast i undervisinga. 17. juni vedtok fylkestinget i Vestland ein felles regel for alle dei vidaregåande skulane. – Elevane skal ha eit godt læringsmiljø, og lærarane skal ha ro til å undervise. Felles reglar gjer det tydelegare kva som gjeld, samtidig som skulane får rom til å finne praktiske løysingar lokalt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

NRK

Trafikkulykke i Luster

To personer er involvert i en trafikkulykke i Jostedalsvegen i Luster. Bilen har havnet på siden.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926284

#vestland #nrkVestland

Trafikkulykke i Luster

To personer er involvert i en trafikkulykke i Jostedalsvegen i Luster. Bilen har havnet på siden. Personene har kommet seg ut. Begge er våken og bevisst.

NRK

Gruveaksjar stupte i verdi

Verdien på Nordic Mining sine aksjar stupte då Oslo børs opna i 09-tida onsdag morgon. Då børsen stengde onsdag stod aksjen til 8,62 kroner. Då børsen opna att torsdag morgon, opna verdien på 6,50, før den igjen steig til over sju kroner.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926175

#vestland #nrkVestland

Gruveaksjar stupte i verdi

Verdien på Nordic Mining sine aksjar fall to kroner då Oslo børs opna i 09-tida onsdag morgon. Då børsen stengde onsdag stod aksjen til 8,62 kroner. Like etter kom Høgsterett sin konklusjon om at løyvet som gruveselskapet fekk til å tøme gruvemasse i Førdefjorden var ugyldig. Då børsen opna att torsdag morgon, opna verdien på 6,50, før den igjen steig til over sju kroner.

NRK

To menn sikta for valdtekt

To menn er pågripne, sikta for valdtekt. Politiadvokat Inger-Lise Høyland seier at det er tale om to ulike saker.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926174

#vestland #nrkVestland

To menn sikta for valdtekt

To menn er pågripne, sikta for valdtekt. Politiadvokat Inger-Lise Høyland seier at det er tale om to ulike saker. Det er ikkje born blant dei fornærma. – Den eine er pågripen i Bergen. Den andre i ein av Bergen sine nabokommunar, seier politiadvokaten til NRK. Av omsyn til etterforskinga ynskjer ikkje Høyland å seie meir om sakene.

NRK

Mopedbil køyrde i vegg i Bjørnafjorden

Ein mopedbil med tre personar køyrde i ein vegg ved Os i Bjørnafjorden litt etter midnatt. Dei tre i bilen var alle mindreårige jenter, og skal vere vakne og medvitne. Elles er skadeomfanget uavklart, skriv politiet. To av de involverte vart frakta til Haukeland universitetssjukehus og ein vart sendt til lokal legevakt.

https://www.nrk.no/vestland/1.17925989

Brann i køyretøy på Osterøy

Det har byrja å brenne i eit køyretøy på terminalen ved Osterøybroen på Osterøy. Politiet fekk melding klokka 07.35. Det er ein personbil som brenn, ingen er skadde. Det er ikkje spreiingsfare, opplyser politiet.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926050

#vestland #nrkVestland

Brann i køyretøy på Osterøy

Det har byrja å brenne i eit køyretøy på terminalen ved Osterøybroen på Osterøy. Politiet fekk melding klokka 07.35. Det er ein personbil som brenn, ingen er skadde. Det er ikkje spreiingsfare, opplyser politiet.

NRK

Dømt til fengsel etter vald og brot på besøksforbod

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel i elleve månader, der nitti dagar er på vilkår. Sogn og Fjordane tingrett fann mannen skuldig i vald, omsynslaus åtferd og brot på besøksforbod mot sin tidlegare kjæraste. I tillegg til fysisk vald, skal mannen mellom anna ringt henne 58 gonger på ein dag sjølv om han hadde besøksforbod. Mannen må betale kvinna 145 000 kroner i erstatning.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926038

13 tiltak for friluftslivet i Vestland får bidrag frå Statskog

Pengane kjem gjennom den søknadsbaserte støtteordninga Statskogmillionen. Med tildelinga i år er nær ti millionar kroner delt ut til over 1500 friluftstiltak landet rundt sidan oppstarten i 2017. Stadane som får støtte i år er mellom anna Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Etne, Høyanger, Luster, Sogndal, Stad og Stryn.

https://www.nrk.no/vestland/1.17926005

Ein mopedbil med tre personar køyrde i ein vegg i Bjørnafjorden litt etter midnatt. Dei tre i bilen var alle mindreårige jenter, og skal vere vakne og medvitne. Elles er skadeomfanget uavklart, skriv politiet. To av de involverte vart frakta til Haukeland universitetssjukehus og ein vart sendt til lokal legevakt.