Fann sovande mann i bilen

Politiet fekk torsdag morgon melding om ein person som hadde teke seg inn i ein parkert bil i Bergen.

https://www.nrk.no/vestland/1.17833945

#vestland #nrkVestland

Fann sovande mann i bilen

Politiet fekk torsdag morgon melding om ein person som hadde teke seg inn i ein parkert bil i Bergen. – Vedkomande vart funnen sovande i bilen av politipatruljen, melder operasjonsleiar Ole Ronny Olsen hos Vest politidistrikt. Ifølgje politiet framstår mannen rusa. Det skal ikkje vere synlege skader på bilen. Ifølgje politiet hevdar mannen at bilen stod ulåst, og at han trengde ein stad å varme seg.

NRK