Førebels konklusjon etter dødsulukke

Politiet konkluderer førebels med at ein mann mista kontrollen under takeoff før han omkom i ei speedgliderulukke på Hoven 1. mars.

https://www.nrk.no/vestland/1.17827670

#vestland #nrkVestland

Førebels konklusjon etter dødsulukke

Politiet konkluderer førebels med at ein mann mista kontrollen under takeoff før han omkom i ei speedgliderulukke på Hoven 1. mars. Mannen nytta ski og har sannsynlegvis treft grus rett før han skulle ta av, noko som førte til den fatale hendinga. Det skriv Fjordingen. Den omkomne vart seinare funnen på 600 meters høgde. Politioverbetjent Vidar Stavik ved Stryn politistasjon opplyser at konklusjonen byggjer på vitneavhøyr og videoopptak frå skyliften.

NRK