Nok ein gong har Vy  plassert meg i midtgongen. Kryssar fingrane og håpar at ingen andre har plassen på sida av meg, men det var det no med #MaisieToget på veg ned...

#TogTut

Det kom nokon på allereie her på Oslo S! Aiai...

Håpar konduktøren veit gode råd om ledige plassar når dei kjem rundt.

Eg forstår enda ikkje kvifor me ikkje får velgje eiga sitteplass på Bergensbanen. På SJ mot Trondheim kan ein til og med velgje kva sovekupé ein vil ha.

#MaisieToget #TogTut

@markus å ikke kunne velge sitteplass på langdistansetog er jo helt tullete...

@kly Det er noko dei berre ikkje gidder på Bergensbanen av ein eller anna grunn. Kanskje Vy generelt? Usikker, er ikkje så mange andre plassar eg tek Vy.

Så no sitt eg med ryggen mot køyreretninga på sida av ein framand i midtgongen! 🤩 Til tross for at eg bestilte tidleg.

(Legg på toppen at det er eit regionaltog og ikkje langdistanse i dag...)

@markus @kly Det er kanskje annerledes når de kjører regiontoga, men jeg har da alltid kunnet velge sitteplass når jeg har tatt Bergensbanen.

@hgb @kly Eg prøvde nett no og blir berre tildelt eit sete. Som eg alltid har blitt.

Men eg ser no at om eg punger ut for fleks så kan eg velgje sete. Så dei har vel berre låst det bak ein pengemur.

@markus @kly Aah, stemmer, jeg har stort sett hatt fleks på Bergensbanen, siden jeg har vært litt avhengig av å kunne bytte returdato. Jeg har kjøpt billett sånn ganske tidlig, og da har det vært relativt lite ekstra for fleks, så vidt jeg husker.