Det slo meg plutseleg at avataren min er sånn ti år gamal? Mogleg eg må byte snart.

Rundt 2008 styrte eg eit forum for kreativ utarting som blant anna hadde diverse forumleiker. Ein av desse forumleikene gjekk litt sånn halv-viralt. I den hadde eg ein figur, som heitte tanketom, som såg slik ut – lågoppløyseleg frå eit gamalt photoshop-dokument, og den er til den dag i dag Steam-profilbiletet mitt.

(Forumet er dødt for lenge sidan, men eg har databasen ein eller anna stad, og burde hente fram igjen den tråden ein gong.)

@tanketom Jeg tror jeg hadde en bruker på det forumet! Men var kanskje bare aktiv i et par uker. 😬
@eirikmyhr Kva av dei? XG eller Kreativia? (Eller Designsiden, som eg eigentleg ikkje var ein del av.)
@tanketom Kreativia hørtes kjent ut, så det var nok den!