Rundt 2008 styrte eg eit forum for kreativ utarting som blant anna hadde diverse forumleiker. Ein av desse forumleikene gjekk litt sånn halv-viralt. I den hadde eg ein figur, som heitte tanketom, som såg slik ut – lågoppløyseleg frå eit gamalt photoshop-dokument, og den er til den dag i dag Steam-profilbiletet mitt.
(Forumet er dødt for lenge sidan, men eg har databasen ein eller anna stad, og burde hente fram igjen den tråden ein gong.)
I dag har eg laga ein oppfriska versjon av figuren.
Det eg seier er at eg vurderar å byte ut avataren min fordi den er over ti år gamal – med ein avatar som er gamal nok til å drikke øl i staden.
@tanketom Hm.
Når var første sesong av Norges Tøffeste? Det er så gammelt profilbildet mitt er, i hvert fall.