NRK skriv at "Emneknaggen #WaterTok har over ein milliard postar. Det er ein del av TikTok der folk er veldig opptatt av å drikke vatn – helst fire liter om dagen." Og eg trur eigentleg aldri menneska vil verta vaksne nok til å ha tilgang på internett.
Det er nesten det same kva det handlar om, men det er alltid ein eller annan som skal dra kvar minste trend ut i det ekstreme og få med seg ein haug med folk som oppmuntrar kvarandre til å tru at det dei held på med er det einaste som er fornuftig. Internett var gale nok frå før, men TikTok er ein kultmaskin.
Mange av tinga verkar harmlause, men det er likevel noko maskinelt med heile tenkesettet som produserer dei. Ein annan trend eg las om nyleg, ikkje spør kvifor, er "Hot Girl Walk". Og etter å ha fått det forklart, så forstår eg endå mindre. Samfunnet kunne hatt god bruk for Arne Næss nett no.
At mediet er fullt av trender som går ut på å få det betre med seg sjølv kan vera eit teikn på at også sjølve problemet kjem derifrå.