Det er mi tunge plikt å gje dei av dykk som har fulltidsmigrert til Nye Mikrobloggtenesten eit innblikk i tilstanden på Gamle Mikrobloggtenesten.

#Norsktut #Klimatut #Øltut

@nilshenrik Eg hadde han blokkert på den gamle i minst eit tiår, ser gjerne at han i så liten grad som mogleg følgjer etter hit.
@tanketom Nokon skjermdumpa han inn i feeden min, beklagar. Eg finn det kun interessant som eit døme på den sterkt tiltakande facebookifiseringa av twitter.
@nilshenrik Her er han ein slags pionér, har nok vore grinelatteremojien eksemplifisert sidan minst årtusenskiftet.
@tanketom @nilshenrik jeg forstår ikke at folk holder ut på GMT (Gamle Mikrobloggtjenesten) lenger. Det er selvsagt flere folk og en del av dem er jo direkte trivelige, men alle de checkmark-folka og drrrriten som er promoterte tvits, for ikke å snakke om sjefstosken som styrer skuta der ødelegger jo alt... Jeg er kun unntaksvis innom der nå, og kjenner hvor lite jeg savner det etter å ha etablert en god feed her..
@cmyrland @nilshenrik Eg er deaktivert (er innom kvar ~30. dag for å reaktivere og deaktivere att, så lenge eg hugsar det). Lever godt her. Færre, ja, men det er også litt av moroa.
@cmyrland Det er openbert mykje koselegare her, men twitter har i periodar vore til stor nytte for meg i jobbsamanheng, noko eg ikkje kan seie om denne plattformen (eller kva det er) enno. Mastodon er òg mykje mindre intuitivt for oss som ikkje i utgongspunktet er interessert i noko anna aspekt ved teknologi enn at han funkar. @tanketom
@nilshenrik Eg kan jo seie det same, eg fekk både min første frilansjobb og min første «ordentlege» jobb via tilveret og stemma på Twitter. Reknar meg eigentleg heldig for at eg slepper å jage det beinet lengre, no lagar eg berre tøys for eigen del. @cmyrland
@nilshenrik jau, men den fordelen kommer vel også av antall brukere, og ikke nødvendigvis plattformen i seg selv? Mastodon fungerer jo omtrent som Twitter før algoritme-feeden. Men folk er nok veldig vant til å få innholdet servert nå, så sånn sett skjønner jeg jo at Mastodon/Allheimen kan føles uoversiktlig, når alt annet er algoritmestyrt. @tanketom
@nilshenrik Det eneste som trengs er flere slike som oss, så ordner DET seg. Ingen grunn til å komplisere, for det er da vitterlig ganske intuitivt? @cmyrland @tanketom
@cmyrland @tanketom @nilshenrik Har framleis kontoane mine pga jobb, men publiserer ingenting. Det einaste eg saknar frå der er leirbålkjensla når det skjer ting som f.eks Sykkelsommer. Den kjensla er tilnærma ikkje-eksisterande her rundt tuten.
@simonboba nei, det handler vel litt om mengden brukere igjen (og mangelen på samlende hæsjtægg).. ingen sosiale medier er noe særlig verdt uten brukere og fellesskapene som oppstår der @tanketom @nilshenrik
@cmyrland @simonboba @nilshenrik MGP er einaste sålangt, men den er jo internasjonal – ikkje heilt der på nasjonalt nivå.
@nilshenrik
"Haha! Vi går mot enorme folkevandringer og væpnede konfrontasjoner på grunn av ressursmangel og klima 🤡" ⬅️ alt jeg hører når sånne folk åpner kjeften
@sivertalmvik No worries. Parasoll og cerveza gjør nytten 👍
@nilshenrik Herregud, på mallorcansk heiter det faktisk cerveja.