Har lese alle seks nominerte til #LytternesRomanpris . Har rangert dei slik:
Sjelesorg av Dag Johan Haugerud
Om tingenes natur av Merethe Lindstrøm
Gustav av Marte Magnusdotter Solem
Himmelens krystall av Gaute Heivoll
Du er hjemme nå av Per Petterson
Svalene sover på månen av Susanne Christensen
Heile tre 5🌟! Ei 4,5🌟, ei meh, og ei eg ikkje skjønte så mykje av. Artig nok las eg dei i stigande rekkjefølgje. Litt samme for meg kven av dei fire beste som faktisk vinn.
#BokTut #Lesing

Perfekt laurdagsmorgon. 🐈📖🍮

#livetmedkatt
#lesing
#leseglede
#lese

Lese ferdig boka. Kjempebra!
Så fin og sår. Veldig bra beskriving av dynamikken mellom gutane, familien, dei ulike foreldra. Høgst aktuelle tema om korleis det er å vere barn og foreldre i dagens samfunn.
God flyt både i skrivinga og forteljinga.
Anbefalast varmt!
#BokTut #Lesing
Er oppgitt over meg sjølv for at eg har heile fire bøker på lån frå biblioteket. Da må eg jo lese dei. Men eg har jo lyst å lese dei. Helst har eg lyst til å vere ferdig med å lese dei, for det er andre bøker eg har lyst til å lese!
#BokTut #Lesing
Mi favorittbok i 2025 var The Death of Artemio Cruz av Carlos Fuentes. Eg likte den veldig, veldig godt. Og eg likte å lese den.
Einaste grunnen til at eg las den, var at Mexico var eit av landa på Storygraph Reads the World 2025.
#BokTut #Lesing
Eg tenkjer eg vil ha som eit slags nyttårsforsett å lese ein større andel bøker eg har veldig, veldig lyst til å lese.
Det har vore litt for mykje at eg har slengt meg på leseutfordringar og samlesingar i 2025. Det har vore veldig gøy til tider, men bøkene og leseopplevinga er ikkje alltid spesielt gode.
Eg skal framleis delta i Storygraph sin Read the World, men ikkje t.d. sjangerutfordringa. Vart ein del litt uinteressante bøker. Vurderer å droppe Thomas Hardy-samlesinga òg.
#BokTut #Lesing
Born og lesing i ei KInfisert verd...... https://www.youtube.com/watch?v=efzAD0793ys #UiS #lesing #born #KI #AI
Nurturing Children’s Reading in the Age of AI

YouTube

Det gøye var at dagen etter eg hadde bestilt dei to nye, kom han og sa han ønskte seg fleire til jul 😅

Eg har i tillegg kjøpt bok 3 av Pirattvillingane til begge nevøane (6 og 8). Det er visst ingenting som overgår dei bøkene.
Jylegåvetips her, altså.
#Lesing

Til bursdagen i august fekk Nevø 1 (8) eit teikneseriehefte med Tintin på engelsk. Eg fekk idéen etter eg såg kor ivrig han var på å prate engelsk i sommar.
Da eg møtte han igjen i oktober, sa han at han les litt kvar dag. Ordforrådet hans er òg vorte utruleg bra. Altså, Tintin er ikkje einaste kjelda hans til engelsk, men det hjelp på. Søstra mi sa at forrige skuleår var engelsk faget han likte minst, medan det no har vorte favorittfaget!
Han får to nye hefte frå meg til jul.
#Lesing
Forrige tut fikk meg til å tenke på at jeg også synes synd på alle som aldri vil få muligheten til å nyte mesterverket Madonna-gåten av Nærum, Botterli og Udnæs. Jeg leste Da Vinci-koden utelukkende for å kunne lese parodien og ble belønnet før jeg engang kom til første kapittel.
#Norsktut #bøker #lesing #humor