I går var det opning av Festspela og prisen for Årets nynorskbrukar vart delt ut til Synne Vo:

https://www.nrk.no/mr/nynorskpris-til-synne-vo-1.17918089

Velfortent! 🥳

#nynorsk #språk #SynneVo #norsktut

Nynorskpris til Synne Vo

Artisten og låtskrivaren Synne Vorkinn, mest kjent som Synne Vo, fekk Nynorsk kultursentrum sin pris «Årets nynorskbrukar». Prisen blei delt ut under opninga av Festspela på Aasentunet. – Du har blitt eit inspirerande språkleg førebilete for ein ny generasjon, sa Kristin Bakken, styremedlem i Nynorsk kultursentrum, under utdelinga. I grunngivinga for prisen vektlegg styret at Synne Vo har teke språket inn på arenaer der det er viktig at det blir meir synleg, gjennom å bruke nynorsk og dialekt i både songtekstar, marknadsføring og i sosiale medium. – Dette var utruleg stas! Sjølv om nynorsk alltid har kome naturleg for meg, er det veldig triveleg å få ein slik pris, seier Synne Vo i ei pressemelding.

NRK

I dag er det på tide med årets fyrste #konsert! #SynneVo#Verftet i #Bergen. Ho har hatt låtar i spelelistane mine i nokre år, men ho har aldri vore på topplistane mine. Mest fordi ho har litt begrensa katalog.

Er spant på korleis ho skal fylle dei sytti minutta ho skal stå på scena. Gøy blir det nok uansett.

#NorskTut #MusikkTut #Allheimen

Startar dagen med ny musikk frå #MaisiePeters, #SynneVo, #Sigrid, og #MichelleUllestad. Skal avslutte dagen med konsert av #Sigrid.

Det blir ei fæl arbeidsveke.

#Musikk #NorskTut #Allheimen

Lykke te

Synne Vo · Song · 2022

Spotify