Skulle du sett, brått er vi her igjen. USO Bergen spelar konsert i Nykirken søndag 18. februar kl. 19. Rhapsody in Blue med trompetsolist, anyone?
https://www.uso-bergen.no/usoMainP.htm
Skulle du sett, brått er vi her igjen. USO Bergen spelar konsert i Nykirken søndag 18. februar kl. 19. Rhapsody in Blue med trompetsolist, anyone?
https://www.uso-bergen.no/usoMainP.htm
@tanketom Impregnering av diverse jakker og sko er mitt store haustprosjekt i år. Prosjektet har fått ein treig start fordi eg fryktar eg vil oppdage at det finst mange typar impregnering og at eg må velje mellom dei.
Dersom ein vil kjøpe fotoapparat i Bergen (og treng rettleiing), kvar går ein no for tida? Alle fotobutikkane eg ein gong visste om, ser ut til å ha forsvunne medan eg blunka.
Snigleoppdatering: Merkbart færre sniglar enn for ein månad sidan. Kveldens jakt resulterte i ein (estimert) fangst på under femti sniglar, trass i at det har regna tett heile dagen. Til gjengjeld er dei større og har høgare øydeleggingskapasitet. Eitt stykk stor feit brunsnigle kan fint gjere reint bord i ein pallekarm på eiga hand. The våpenkapplaup is real.
Tekstoppgåve i matte: Du har tilgang til ein liten bergensk hageflekk. Kvar kveld i tørt vêr er du ute og drep 40-50 sniglar, meir i regn. Avisartiklar frå internett antyder at snigleførekomsten i bergenshagar svingar rundt eit gjennomsnitt på om lag 40 per m2 (uvisst om dette gjeld alle typar sniglar eller berre brunsniglar). Innsig frå nabohagane: Uvisst. Kor store må kålplantane bli før det er verd risikoen å plante dei ut? (Sjå for enkelheits skuld vekk frå kålflugelarver i denne oppgåva.)
Kom på USO-konsert i Nykirken på søndag! Det blir ikkje fleire sjansar før til hausten, og kven veit om verda framleis står på det tidspunktet. (Kven veit om verda står til søndag, men de skjønar kva eg meiner.) http://www.uso-bergen.no/usoMainP.htm