Snigleoppdatering: Merkbart færre sniglar enn for ein månad sidan. Kveldens jakt resulterte i ein (estimert) fangst på under femti sniglar, trass i at det har regna tett heile dagen. Til gjengjeld er dei større og har høgare øydeleggingskapasitet. Eitt stykk stor feit brunsnigle kan fint gjere reint bord i ein pallekarm på eiga hand. The våpenkapplaup is real.

https://snabelen.no/@kgjengedal/110374491421644352

#bergenstut #dyrking

Kjerstin Gjengedal (@[email protected])

Tekstoppgåve i matte: Du har tilgang til ein liten bergensk hageflekk. Kvar kveld i tørt vêr er du ute og drep 40-50 sniglar, meir i regn. Avisartiklar frå internett antyder at snigleførekomsten i bergenshagar svingar rundt eit gjennomsnitt på om lag 40 per m2 (uvisst om dette gjeld alle typar sniglar eller berre brunsniglar). Innsig frå nabohagane: Uvisst. Kor store må kålplantane bli før det er verd risikoen å plante dei ut? (Sjå for enkelheits skuld vekk frå kålflugelarver i denne oppgåva.)

snabelen.no