Bilen min får ikkje nok bensin til motoren og vil ikkje starte. Dust!
Skal starte med å bytte bensinfilteret og sjå om det hjelp.
Ei stund sidan det har vore bytta. For eit par år sidan bestilte eg bytte av olje, oljefilter og bensinfilter. Da eg kom til verkstaden, sa dei: "ja, det var handbrekket?"....
Så dei hadde jo ikkje bestilt inn bensinfilteret. Men mekanikaren sa han såg på det, og at det ikkje var behov for å bytte det enno. Men kanskje no. Vi får sjå.
Ting eg siste dagane har skjønt ein bør ha, og det er vanleg (?) å ha, i heimen/bilen:
- vindaugsspylarvæske ✅️ (lært det the hard way...)
- kjølevæske (eg hadde faktisk litt, men ikkje nok til å komme over min 🙈. Pappa hadde)
- motorolje (ooops, var heilt tørt nedi peilaren. Pappa og søstra hadde nok til saman 😬🙈🙈)
- sikringar (what?)
Gamle naturfagslæraren ser på bilen. Det er gått ei sikring til bensinpumpa. Han kjørte heim for å hente ei ny han har liggjande 🤞🏻🤞🏻
Ny sikring funka gull, den.
I sånn 5 sekund. Så small det i sikringa, og bilen stoppa. Må nok få bilen inn på verkstad. Truleg for å bytte bensinpumpa.
I dag reiste bilen til verkstaden med bilbergar. Greitt å vere medlem av NAF.
Vi fann ut det var best å trille bilen ned til bergingsbilen. Bilbergaren dytta og eg sette utfor. Da eg kom igang mot svingen, høyrte eg ho rope: få litt fart, du ser kor eg har parkert! Eller noko slikt. Eg vart litt 👀, men kom ned og rulla opp på planet.
Etterpå fekk eg skryt. Eg er visst den første som har skjønt kva ho meinte eg skulle gjere, og ho har aldri hatt så enkel berging av ein bil som ikkje startar. 💪🏻😎
Har fått prisoverslag frå bilverkstaden.
9700 for ny pumpe, ca 18000 inkl arbeid.
Når eg ser på Eurodel, får eg pris opp til 1500 kr, så det er ganske stor skilnad. Men med 39 ulike kompatible pumper å velge mellom, har ikkje eg forutsetnad for å kjøpe ei sjølv som faktisk vil passe, og ta med. (Denne verkstaden pleier å tillate det).
Har svart på e-posten deira om dei har moglegheit til å skaffe ei rimelegare, men vi får sjå.
Eg har no sett på ein video på youtube der nokon tar ut bensinpumpa på min type bil og samanlikna med ein eg fann på Eurodel. Bestilte med sånn gratis teneste at dei skal dobbeltsjekke at den faktisk passar til min bil basert på understellsnummer.
Verdt å prøve, tenkjer eg.
1600 mot 9700 kr. Stor skilnad.
Har henta bilen frå verkstaden 🥰
Bensinpumpa eg kjøpte på nett passa 🎉🎉
Da eg gjekk inn for å betale, sa dama at mekanikaren hadde gjort ferdig bilen fredag før påske og sendt ein e-post, men ingen veit kor den vart av. 🤷🏻♀️ Så dei sendte ein ny i dag.
Bilen har altså stått med nøkkelen på dekket og klar til henting i 10 dagar...
Eg fokuserer på at eg er så glad for at bensinpumpa passa 😅
Bilen er tilbake på verkstaden.
Fjør på høgre framhjul som har knekt. 🥴
Godt eg har så god erfaring med å vere billaus. 😅
Hadde megaflaks i timing. Søstra var akkurat på veg forbi verkstaden da eg ringte og høyrte om ho kunne plukke meg opp.