I dag har eg lyst til å skrive litt om #musikk, spesifikt Øystein Sunde. Han er kjend for å laga musikk med mykje #humor, men gløym ikkje at han heile vegen har både laga og spelt inn mykje musikk med *humør* òg! Eit døme er den gamle ragtime-låtten «Dill pickles rag» av John M. Pearse, som er på «Det året det var så bratt» frå 1971. Viss ikkje dét er ein song å bli glad av, så veit ikkje eg. Godt spelt er det sjølvsagt òg:
https://song.link/d/591398992

1/2

Dill Pickles Rag by Øystein Sunde

Listen now on your favorite streaming service. Powered by Songlink/Odesli, an on-demand, customizable smart link service to help you share songs, albums, podcasts and more.

Songlink/Odesli

Det same gjeld «Humlens flukt»-varianten hans, som er steikande virtuost spelt på banjo(!) på «I husbukkens tegn» frå 1984. Eg ristar på hovudet i undring kvar gong eg høyrer dette. Det er omtrent umogleg å gjennomføre noko slikt, men Sunde gjorde det. Moro er det òg: https://song.link/d/591401212

Så gjer han òg vakre versjonar av folkemusikk, her med tonen til «hopparen» i Hardanger-tradisjon. Skal tru om det er Einar Mjølsnes som spelar fele? Frå «Kjekt å ha», 1989. https://song.link/d/591398842

2/2

Humlens Flukt by Øystein Sunde

Listen now on your favorite streaming service. Powered by Songlink/Odesli, an on-demand, customizable smart link service to help you share songs, albums, podcasts and more.

Songlink/Odesli