I dag fekk eg den nyomsette Pukkelrygg av Saou Ichikawa i biblioteksappen.
Den engelske omsetjinga var nominert til den intensjonale Booker-prisen i fjor, så eg har hatt lyst til å lese den i omtrent eitt år.
Og så er den på #Nynorsk!!!
Ser òg at den enno nyare Dagbok frå eit tomrom av Emi Yagi er omsett til nynorsk.
Altså, at japanske bøker som har vore populære i engelsk omsetjing, blir omsette til nynorsk, er heilt gull ❤️
#BokTut
@TanteGulo Hvem oversetter?
@ornes Ingvill Kjærstein.
(Eg las nyleg Skyggekvinner av Fumiko Enchi omsett av ho. Den var på bokmål.)
Eg veit ikkje om det er mange som kan omsetje frå japansk i Norge, men det er veldig fint at iallfall ein av dei beherskar nynorsk. Og at forlag tør å gå for nynorsk.
@TanteGulo Nei, vet ikke jeg heller. Er tre som dukker ofte opp, men har ikke registrert at de oversetter til nynorsk. Var Skyggekvinner fin?
@ornes Eg likte den godt. Ganske heftige tema og med kjipe karakterar, men godt skrive. Veldig bra slutt, synest eg.
@TanteGulo Takk! Kanskje du slipper noen ord om Pukkelrygg også når du er ferdig?
@ornes Las den ferdig litt tidlegare i dag. Den er veldig kort, så ein kan fint lese heile i éin omgang.
Den var interessant. Eg vart ikkje heilt over meg av begeistring, men den er absolutt verd å lese.