Bilen min får ikkje nok bensin til motoren og vil ikkje starte. Dust!
Skal starte med å bytte bensinfilteret og sjå om det hjelp.
Ei stund sidan det har vore bytta. For eit par år sidan bestilte eg bytte av olje, oljefilter og bensinfilter. Da eg kom til verkstaden, sa dei: "ja, det var handbrekket?"....
Så dei hadde jo ikkje bestilt inn bensinfilteret. Men mekanikaren sa han såg på det, og at det ikkje var behov for å bytte det enno. Men kanskje no. Vi får sjå.
Ting eg siste dagane har skjønt ein bør ha, og det er vanleg (?) å ha, i heimen/bilen:
- vindaugsspylarvæske ✅️ (lært det the hard way...)
- kjølevæske (eg hadde faktisk litt, men ikkje nok til å komme over min 🙈. Pappa hadde)
- motorolje (ooops, var heilt tørt nedi peilaren. Pappa og søstra hadde nok til saman 😬🙈🙈)
- sikringar (what?)
Gamle naturfagslæraren ser på bilen. Det er gått ei sikring til bensinpumpa. Han kjørte heim for å hente ei ny han har liggjande 🤞🏻🤞🏻
Ny sikring funka gull, den.
I sånn 5 sekund. Så small det i sikringa, og bilen stoppa. Må nok få bilen inn på verkstad. Truleg for å bytte bensinpumpa.
I dag reiste bilen til verkstaden med bilbergar. Greitt å vere medlem av NAF.
Vi fann ut det var best å trille bilen ned til bergingsbilen. Bilbergaren dytta og eg sette utfor. Da eg kom igang mot svingen, høyrte eg ho rope: få litt fart, du ser kor eg har parkert! Eller noko slikt. Eg vart litt 👀, men kom ned og rulla opp på planet.
Etterpå fekk eg skryt. Eg er visst den første som har skjønt kva ho meinte eg skulle gjere, og ho har aldri hatt så enkel berging av ein bil som ikkje startar. 💪🏻😎
(Dvs folk har visst ein tendens til å bremse og stoppe rett bak bergingsbilen istadenfor å utnytte farta til å få bilen opp på bergingsbilen først som sist).