Eit #musikk-tips på ein torsdag er Sudan Dudan, som er Marit Karlberg (langeleik og song) og Anders Erik Røine (gitar, munnhorpe, song, fele og ymse). Spelet er fyrsteklasses, og det same er samspelet mellom dei. «Folkemusikkens Rolls Royce», sa produsenten på andreplata deira, og han skulle ha greie på det, for det er nemleg Odd Nordstoga. Her er eit par døme. https://song.link/d/592950232 (Alle menna), https://song.link/d/592950242 (Ola Torsøn), og den største slageren: https://song.link/d/592950182 (Susann)
