Ein omsorgsbustad rett borti her står i brann i kveld.

Alle bortsett frå éin buar er gjort reie på. Eg håper verkeleg at den siste er uskadd.

Og så håper eg at dei evakuerte blir tatt godt vare på, med tolmod og empati. Fleire av buarane der har psykisk utviklingshemming og er ikkje i stand til å forstå kva som føregår, og dei er nok truleg ganske redde no.

https://mas.to/@moirana/115708452743254519

Å, nei! Ein gut er funnen omkomen etter brannen.

https://mas.to/@moirana/115709317952899026

Rana-nytt (@[email protected])

[Rana Blad]: Dette vet vi per nå om brannen i omsorgsboligen på Gruben https://www.ranablad.no/dette-vet-vi-per-na-om-brannen-i-omsorgsboligen-pa-gruben/s/5-42-1532692 #RanaBlad

mas.to

Ein presseetisk observasjon av mediedekninga:

Lokalavisa #RanaNo var tidleg til stades. Dei identifiserte kor det var, og publiserte både foto og video av bygget i brann.

Lokalavisa #RanaBlad var også til stades. Dei identifiserte kor det var, men publiserte ikkje foto av brannen.

Når vi ser det tragiske utfallet, så var nok den etiske vurderinga til Rana Blad rett.