«Why 'Spec Ops: The Line' Mattered» av Mark Brown i #GMTK: https://www.youtube.com/watch?v=tYk0BS84ItY #YoutubeTips
Why Spec Ops: The Line Mattered

YouTube
Eg var ein av anmeldarane som såg på spelet då det kom ut: https://p3.no/filmpolitiet/2012/06/spec-ops-the-line/ #SpillTips #SpillTut
Spec Ops: The Line

Det næraste ein kjem Apocalypse Now i spelform.

NRK P3
Det er litt synd at kommentarfeltet til Filmpolitiet er vekke, for diskusjonen under dette spelet var særdeles godt – blant anna kom eg med ei ganske ålreit analyse av sanden i Abu Dhabi som moderne versjon av elva i frå «Heart of Darkness», som eksempel på naturen som synleg kraft i eit krigshelvete, fordi nokon i kommentarane lurte på kvifor eg meinte dette kunne vere «Apocalypse Now» i spelform.
I etterkant kan det følest som om 4-aren ikkje gir spelet nok heider, men eg synest jo eg forklarar kvifor «Spec Ops: The Line» skiljer seg frå andre krigsspel – og kva mekanikken, kor enn «med vilje» den er generisk, dreg spelet ned.
(Dette minner meg på at eg har eit upublisert intervju frå Gamescom 2013 med ein av utviklarane bak spelet ein eller anna stad…)
Eg er attende frå Disqus' mørke hjarte med mi analyse frå kommentarfeltet. Vi var glade i kommentarfeltet i #Filmpolitiet, mange vil seie at det var det som EIGENTLEG var Filmpolitiet på nett. Vi pleide å gi julegåver til dei mest aktive kvart år.
At «Spec Ops: The Line» no blir fjerna frå digitale butikkar er endå eit eksempel på den vanskelege skvisen spela sin kulturarv står i – eg kjem alltid til å legge ut denne: https://spillkultur.no/artikkel-ein-kulturarv-pa-spel #SpillKultur #SpillTut
Ein kulturarv på spel - Spillkultur.no

Nasjonalbiblioteket har gjort så godt som alle norske bøker og aviser publisert før 2000 tilgjengeleg med eit tastetrykk. Situasjonen for norske dataspel er ein ganske anna. Denne artikkelen ble først publisert i Syn og Segn 4/2020, og senere på tanketom.no. Ved nyttår sluttar Flash å fungere. Forløparen til det som seinare vart Adobe Flash var […]

Spillkultur.no
Endå eit godt attblikk på «Spec Ops: The Line», denne frå Jacob Geller med fokus på kjemiske våpen og krigsforbrytingar: https://www.youtube.com/watch?v=8KSl_lMN7-c #YoutubeTips
What We Don't Talk About in "Spec Ops The Line"

YouTube
Spec Ops: The Line – 12 år etter

For cirka 12 år sidan, var eg ein av få norske anmeldarar som såg på skytespelet «Spec Ops: The Line», som det siste tiåret har blitt trukke fram som eit av spela ein verkeleg kan plukke og analysere og kose seg med når seriøse videospelessayistar verkeleg skal strekke på musklane sine.

Spec Ops: The Line – 12 år etter