Kvite ark og teiknestiftar

Kontorsenteret i Førde har skifta ut SSDen på MacBooken min, og det kjennest ut som at eg har fått ei heilt ny maskin sidan den er rein og alt må installerast på nytt! Dvs., eg installerar berre det eg har bruk for no, og slepp dermed å kjenne på dårleg samvit for musikkprogrammet Logic Pro og alle dei herlege digitale synthane frå Arturia som eg ikkje har fått brukt på nokre år.

No er det Word, Vivaldi (nettlesar) og Obsidian (digital almanakk) som gjeld.

1/2

#forfattarlivet #forfattarliv #forfatterlivet #forfatterliv #språkrådet

Sjølv om det er begrensa kor mykje eg nyttar dataen grunna behovet for å ligge flatt størstedelen av døgnet, er den god å ha for litt effektivt arbeid inn mot forlaget. Elles får eg også gjort ein del på mobilen når eg er i horisontalt modus.

Dikta mine vert for øvrig skrevne på mobilen i Scrivener.

Skål for nye byrjingar!

PS: utsegna på skjermspararen er eit forsøk på humor som eg dessutan har knabba frå ein eller annan på Twitter i si tid. Eg tek imidlertid sterk avstand frå å kombinere rettskriving med våpenbruk.

2/2