Dersom ein vil kjøpe fotoapparat i Bergen (og treng rettleiing), kvar går ein no for tida? Alle fotobutikkane eg ein gong visste om, ser ut til å ha forsvunne medan eg blunka.

#bergenstut #allheimen

@kgjengedal CEWE Japan Photo er vel framleis open. Og so har det dukka opp ein i Lars Hilles Gate. Foto.no.
@pilum I Media City-huset? Eg forstår stadig mindre av kva Media City eigentleg er for noko. (Men det verkar jo lurt å selje fotoapparat der det sit journalistar.)

@kgjengedal Ja, under der som legevakta var før.

Media City er vel eit kontorfellesskap for mediabedrifter?

@pilum Ja, kanskje. Men eg trudde lenge at det hadde noko med forsking å gjere sidan UiB er involvert. Eventuelt at det var noko akademisk innovasjons- og kommersialiseringsopplegg. Kanskje eg berre skal tenkje på det som ei "klynge".