Sola skin, fuglane syng, ein lett, varm bris raslar i tretoppane. I skogkanten står ein 10-åring med fargerike støvlar i djup konsentrasjon over det nyaste mobilspelet. Eit rådyr går usynleg forbi. Inne på kjøkenet reiser mor seg frå bordet og stryk far over nakken: «Eg er så glad for at me kjøpte denne hytta, elskling! Tenk at ungen vår no kan boltra seg i all denne vakre naturen! Er du ikkje einig?». «Hmm?» seier far og ser opp frå telefonen.