#vinterdagen i dag 14. oktober.
Husk å snu #primstav
Primstav er en gammeldags kalender som oftest er laget av tre. Hver dag markeres med et innskåret hakk eller en strek, og hver sjuende dag har en ekstra markering. Helligdager og merkedager merkes med spesielle symboler. Primstaven har ikke navn på dager, så den kan brukes på nytt hvert år.
Dagens #primstav, 29. juli: #olsok, av Heilag Olavs vake.
Vår rikshelgen, død ved denne dagen i slaget på #Stiklestad i 1030. På primstaven er dagen gjerne markert med kjenneteiknet hans, ei øks, sjølvaste olavsbilen.
Av gamalt forventa ein flaum denne dagen, olsokflaumen eller olsokrøyta, og dagens vær kunne også spå haust- og/eller vinterværet, litt an på kvar du budde i landet.
Gå og sjå #Stiklestadspelet i Verdal ein gong, det er ganske kult! «Er dette garden Sul?»
Dagens #primstav, 17. mars: #gjertrudsmesse, av Sta. Gertrude av Nivelles.
I utgangspunktet nok ein av Kristi Brud-figurane frå legendene – som tiåring nekta ho å bli gifta vekk, då ho alt var tileigna Jesus. Ho grunnla seinare eit kloster for irske munkar i Belgia.
Ho er skytshelgen for spedalske og pilgrimmar, og så seint som 1800-talet blei ho framsverga for beskyttelse mot rotter (og pest). Om det hadde snødd sidan dagen før, kom det til å bli uår for kornet.
Dagens #primstav, 16. mars: #gudmundsmesse, etter (den uoffisielle) islandske helgenen Gudmund.
Han var så grei med dei fattige at han på 1200-talet måtte rømme Island i frykt for aristokratiet der, og flykta til Nidaros nokre gongar – og det er også i Trøndelag han synest igjen på primstaven, stort sett med ein kross.
Om det kom snø på Gudmundsmesse, betydde det godt år for kornet. Om snøen derimot vara til neste dag, varsla det uår.