Igjen er #komle eit unntak. Desse vert laga gjennom å dekonstruera poteter, som jo i utgangspunktet er ballforma, og deretter lima dei saman att til ballform ved hjelp av mjøl. Resultatet vert sjåande ut om lag som den 'restaurerte' Jesus-fresken som gjekk viralt for nokre år sidan. Komle er altså, og mystisk nok, både dekonstruert og konstruert potet på same tid. Det er i grunnen ikkje særleg rart at denne retten vert som ein religion for somme.
Fekk eit innfall i går etter å ha tenkt på #komle, og kva anna ein kan laga av mjøl og poteter om ein heller vil ha noko som smakar godt. Det er jo mykje ein kan laga, men eg landa på potetvaflar. Det var slett ikkje verst i seg sjølv, men så laga eg taco med potetvaflar i staden for tortillas, og det kjendest som ei nyvinning innan konseptet norsk taco til middag, men også innan gateføde generelt. Ernæringsmessig er det truleg betre enn klassikarar som søt vaffel eller wienerpølse i brød.

Ny runde, ihht. min families tradisjon. 😁

#komle #raspeball #kålrot

Det var eit vellukka eksperiment.

Raspeball med:
1. Wasabidott åleine: meh.
2. Wasabidott pluss sursøt saus: ikkje verst.
3. Wasabi attåt: ikkje verst.
4. Wasabi attåt pluss sursøt saus: nam.
5. Sursøt saus åleine: slett ikkje verst.

#middag #eksperiment #wasabidott #komle #raspeball