Firda: Finnes kan ha tent sekssifra beløp på Nordic Mining-aksjar

Sindre Finnes, som er gift med Høgreleiar Erna Solberg, kjøpte 70.000 aksjar i Nordic Mining kort tid før Solberg-regjeringa opna opp for å tillate sjødeponi for mineralnæringa. Avisa Firda melder at han kan ha tent rundt 126.000 kroner på aksjehandelen. Selskapet Nordic Mining skal utvinne rutil og granat fra Engebøfjellet i Sunnfjord. I femten år har selskapet vore gjennom fleire kampar for å få løyve til å drive. Miljøorganisasjonar har kjempa mot at drifta skal kome i gang. I fjor vår måtte politiet nær dagleg hente demonstrantar på anleggsområdet. Bildet er teke i høve årets kommune- og fylkestingsval og har ingenting med aksjehandelsaka å gjere.

NRK