Gårsdagens musikalske oppdagingar: norske Veps og svenske ShitKid. #musikktips
Oi, favorittbandet mitt har sloppe ny plate! #spelarno Mørke refrenger av Sudan Dudan: https://open.qobuz.com/album/sn1a1sqxdgdvj #musikktips
Open Qobuz

Eg klarar ikkje la vera å tenkja på at David Bowie må ha vore inspirert av New Order sin Sunrise då han laga akkordrekkja i refrenget til Telling Lies (frå Earthling-plata).

- https://open.qobuz.com/track/27250642
- https://open.qobuz.com/track/28108713

#spelarno #musikktips

Open Qobuz

Hamna plutseleg tilbake i britisk big beat. #spelarno Chemical Brothers, Prodigy og Fatboy Slim. 90-talet held seg godt! Qobuz har laga ei fin liste: https://play.qobuz.com/magazine/story/PFXBPL2E5RNPZA2KF2UF45ZJDQ #musikktips
Qobuz

Listen to your music in high quality

Plutseleg slepp The Milk Carton Kids plate igjen. For ei gledeleg overrasking på ein fredag. https://open.qobuz.com/track/374823309 #musikktips #spelarno
Open Qobuz

Om du likar Frank Zappa sin kammermusikk, gje Squarepusher sin Kammerkonzert ein lytt: https://open.qobuz.com/album/fcusw649tnitq

#musikktips #spelarno

Open Qobuz

Discombobulated er eit sprikande album. Det startar og sluttar sterkt. Clear Pools er ein favoritt. Eg er sjukt svak for lange frijazztrommeintroar (slapp av, songen går fort over i nydeleg, repetitiv ambience a la noko Brian Eno sikkert kunne skrive under på). #spelarno: https://open.qobuz.com/track/378022987

#musikktips

Open Qobuz

Eg har hatt Hen Ogledd sin Scales Will Fall på hjernen i snart to veker. Nå fekk eg endeleg sett musikkvideoen, og han er like bra som låten. For eit band; for ein låt!

Kids rise up, tearing down thе corporate wall
Hands in the dirt, building futures for us all
Monеy doesn't matter - reclaim what they stole
Youth lead the change, for the first time it’s final call!

#musikktips #henogledd https://www.youtube.com/watch?v=aGMOFLgB1CU

Hen Ogledd - Scales will fall (Official Video)

YouTube

Tysklandsturnéen er godt igang, og det er òg post-gig-filmklubben vår. I kveld vart det Kaurismäki: Mannen uten minne (2002).

I høve dette: #spelarno Marko Haavisto & Poutahaukat https://open.qobuz.com/track/26045474 #musikktips

Open Qobuz

#spelarno: Hedvig Mollestad & Cortex, Did We Really? (2025). Eg har aldri fått fot for trioen hennar, men dette er gull! #musikktips https://open.qobuz.com/track/367093509
Open Qobuz