Prøver å lage meir mat frå kokebøkene eg har kjøpt siste året. I dag vart det Warm lentils with cauliflower and yoghurt swirl frå So easy, so good av Kylie Sakaida.
Btw: Cups er ikkje like mange dl i England og USA 😑
Eg tilsette òg ris. Neste gong skal eg hyve oppi blomkålen ilag med linsene og risen, for den vart ikkje heilt gjennomkokt på den tida det skulle ta.
#MatTut
Nytt kapittel. Denne gongen Roast Brassicas and Butter Beans frå How to Eat 30 Plants a Week av Hugh Fearnley-Whittingstall.
Gulrot og rosenkål frå eigen hage.
Butter beans (limabønner) måtte eg bestille frå Kinsarvik Naturkost.
Med pære, faktisk, og ein god kvitlauks-, sitron- og sennepsdressing.
Veldig godt!
#MatTut
Vil òg berre nemne at kombinasjonen valnøtt, cashew (ikkje salta) og rosiner er svært godt!