Eit uttrykk ein skal vera merksam på for tida, er "den regelbaserte verdensorden". Det er ikkje tilfeldig at ein nyttar eit så vagt omgrep framfor "folkeretten" eller eventuelt "ein verdsorden basert på FN".
Heile poenget er nettopp å ha eit omgrep som ikkje forpliktar USA og allierte til det same som andre land. "Slemme" land skal ikkje haldast til same standard som "snille" land.