Ok, litt kontroversielt dette her, men måtte skrive litt om det:
https://gebrokkennorsk.no/gebrokkennorsk/norsk/dialekt/2023/04/29/dialekt-bruk-og-forståelse.html
Ok, litt kontroversielt dette her, men måtte skrive litt om det:
https://gebrokkennorsk.no/gebrokkennorsk/norsk/dialekt/2023/04/29/dialekt-bruk-og-forståelse.html
@francis Eg har ikkje problem med å forstå at (norsk) dialektflora er hardt å møte for nokon som ynskjer å lære språket. Mange av kollegene mine har same utfordringa.
Samtidig stemmer det ikkje at folk ikkje modererar dialekta si, bydialektene i Noreg sprer seg langt utover bygrensene, fordi folk av ulike årsakar legger om til meir (såkalla) danna daglegtale i områda rundt. Eg har også snakka med austlendingar eg omtrent må snakke normert bokmål til for at dei skal skjøne meg ;)
@francis @francis Med fare for å mansplaine norsk kultur: det er, som du er inne på, ganske mykje historie her, som gjer at folk - med TYNGDE - vil forsvare retten til å dialekta si.
Det er ikkje så mange tiår sidan ein knappast fekk snakke i offentlegheit med anna enn Oslosk/Bergensk bytale eller normert nynorsk/bokmål. Nordlendingar (ikkje spesifikt samer, men dei også) fekk nok det verste av akkurat dette, iallfall i Oslo.
@tanketom jepp, det er en klassisk den der, dessverre. :(
Og jeg må innrømme at jeg lærte norsk først i Finnmark, så har full forståelse at dialektbruk skal dyrkes og vernes, men jeg mener bare at i noen situasjon dette kan vike for et normert språk.
@francis Og, det er vel der eg strengt talt er litt enig med deg. Eg har nok NRK-historie i meg (eg hadde NRK-veteranar som lærarar, og har sjølv vore journalist der nokre år) til å meine det er lurt med ein del normering i NRK-nyheitene. Og det er det jo framleis!
Det eg er mest usamd i er vel Borch sitt generelle språkgubberi. Han snakkar trass alt frå sitt synspunkt frå oslo vests historisk konservative språkvinkel også, som ikkje må gløymast når ein snakkar om norsk historie!
@francis Spørsmålet blir kanskje kva ein legg i “alle” og kva som eventuelt er “nok” dialekter å skjøne – det første trur eg er umogleg å tvinge, det siste trur eg er umogleg å kvantifisere, så eg ville ha sagt “ein del”.
Det skadar uansett ikkje å skjøne meir enn berre bymål og normert norsk, og dess meir ein høyrer av det, dess enklare blir alle andre dialekter i same slengen.