Skulle ønske det vart snakka meir om kor mykje framsteg Færøyane har gjort på lhbt+-fronten dei siste åra. Berre no i desember har det vorte vedteke enklare juridisk mtp medmor og etternamn.
Samkjønna par fær fleire rettar no som foreldrar, den 1. januar!
Sjølvsagt, som vanleg, er det mykje som må gjerast. Samkjønna folk er enno ikkje heilt likestilte med hinkjønna foreldrepar.
#NorskTut #Skeiv
Færøyane er sett på av mange som den mest homofobiske plassen i vest/nord-Europa, men dette har endra seg ganske mykje dei siste få åra. Mykje som må gjerast.
Likestilt ekteskap i 2017, adopsjon lovleggjort for samkjønna par i 2017, diskriminering/trakassering for seksuell legning vart ulovleg i 2007, første opne skeive personen vart stemt inn i løgtinget i 2015 (tredje mest personstemmar), menn som har sex med menn har kunna gjera bloddonasjon sidan 2020 (men må vera 6 månader sølibat).