RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116211515986568390
No er #nynorsk versjon av denne stripa òg klar:
https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/043.html
Og på norsk fekk trylleformelen ei lita tilleggstyding. 😊
RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116211515986568390
No er #nynorsk versjon av denne stripa òg klar:
https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/043.html
Og på norsk fekk trylleformelen ei lita tilleggstyding. 😊
RE: https://framapiaf.org/@davidrevoy/116132409661617954
Og #nynorsk versjon av denne stripa er òg klar no: https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/041.html
Arild Torvund Olsen og eg har endeleg fått omsett dei siste episodane (episode 27–39) i David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Minifantasyteateret til #nynorsk. Denne gongen handlar det mykje om KI (dvs. Kvitrande Intelligens): https://www.peppercarrot.com/nn/webcomics/miniFantasyTheater.html
Heile serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0).
David Revoy (@davidrevoy) har i dag lagt ut ein ny episode i den humoristiske og nydeleg teikna serien om Pepar og Gulrot, ei ung heks og katten hennar. Og eg og Arild Torvund Olsen har omsett episoden til #nynorsk: https://www.peppercarrot.com/nn/webcomic/ep39_The-Tavern.html
Veldig fin episode! Og han var ekstra gøy og utfordrande å omsetja, då det er ein song på rim med.
Serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY 4.0).
#teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse #peppercarrot
Den nynorske versjonen av halloween-episoden til David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Minifantasyteateret (#miniFantasyTheater) er no klar:
https://www.peppercarrot.com/nn/miniFantasyTheater/025.html
Sjå utdrag nedanfor. Heile serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0). Nynorskomsetjinga er gjort av Arild Torvund Olsen og meg.
#halloween #teikneseriar #tegneserier #frikultur #nynorsk #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse
Arild Torvund Olsen og eg har no omsett dei ti episodane i David Revoy (@davidrevoy) sin humoristiske teikneserie Minifantasyteateret til #nynorsk: https://www.peppercarrot.com/nn/webcomics/miniFantasyTheater.html
Serien er tilgjengeleg under #CreativeCommons (CC BY-SA 4.0). Alle episodane har òg detaljerte tekstskildringar (sjå knappen «Avskrift» under teikningane), slik at dei skal vera tilgjengelege for folk som er svaksynte eller blinde.
#teikneseriar #tegneserier #frikultur #norsktut #allheimen #omsetjing #oversettelse
Ei lita førjulsgåve i dag. David Revoy (@davidrevoy) har laga ei søt juleforteljing som eg og Arild Torvund Olsen har fått lov å omsetja til nynorsk (og tilpassa til norske forhold):
https://www.peppercarrot.com/nn/webcomic-misc/2024-12-24_The-Magic-of-Christmas__hd.html
#teikneseriar #tegneserier #jul #norsktut #allheimen #CreativeCommons